NHO meiner fylkespolitikarane må tenke nytt.
NHO meiner fylkespolitikarane må tenke nytt. Foto: Tone Tveit (arkiv)

NHO sitt skuleråd til politikarane: – Tenk utanfor boksen i Seljord

NHO meiner skulane og næringslivet må knytast tettare saman, slik at skulane kan tilby det samfunnet treng. Det vil også styrke den vidaregåande skuleavdelinga i Seljord.

Vivil Hunding Strømme er seniorrådgjevar i Næringslivets hovudorganisasjon (NHO) Vestfold og Telemark. Ho ber politikarane tenke nytt, og «heilt utanfor boksen» når det gjeld den vidaregåande skuleavdelinga i Seljord.

– Me må i sterkare grad organisere skulane slik at dei tilbyr det me veit at samfunnet treng. NHO vil anbefale å behalde skuletilbodet i Seljord, med føresetnad at dei tilbyralle yrkesfaglege tilbod i eit tett samarbeid med lokale lærebedrifter, seier Strømme.

Innspelet er sendt politikarar i hovudutvalet for utdanning og kompetanse i nye Vestfold og Telemark fylkeskommune. I morgon får dei folkevalde framtida til det vidaregåande skuletilbodet i Seljord på bordet.

Les også: – Styrking av skuleavdelinga i Seljord kan gå på kostnad av skulane i nærleiken

Fylkesrådmannen skisserer tre alternative for skulen i Seljord:

1) Ny vurdering i samband med budsjettet for 2021– i ljos av den totale økonomigjennomgangen.

2) Styrke tilbodet.

3) Avvikle tilbodet.

– Har me tenkt på alt? spør Strømme og lanserer eit fjerde alternativ. Seniorrådgjevaren skisserer at yrkesfagleg fordjuping og programfag i hovudsak skal gjennomførast i lærebedrifter.

– På den måten kan skule og lærebedrift spele på heile den yrkesfaglege vifta av lærefag til glede for lokal ungdom og næringsliv. I dagens digitale e-læringstid er også moglegheitene store for læring på ulike måtar, kommenterer Strømme.

NHO rår politikarane til å setje i gang eit forsøk, og vil gjerne bidra i både søking, planlegging og gjennomføring. Strømme ser for seg eit forarbeid neste år for å planleggje vegen vidare, og trur eit prosjekt i Seljord kan vekke nasjonal interesse.

Ho har ikkje snakka med alle medlemsbedriftene i området, men håpar at dei er med på nytenking, og legg til at tankane har blitt svært godt mottatt ved Vest-Telemark vidaregåande skule.

Strømme trur også at ei klasse med elevar med ulike utdanningsplanar vil fungere godt saman.

–Eg er sikker på ei klasse med ein frisør, kokk, elektrikar og så vidare blir ei gøyal klasse – og skule. Alle har dei same fellesfaga, men praksisen har dei ute i bedriftene, forklarar ho.

– Eg trur dette også vil gjera skulen mykje meir attraktiv. Det kan bli eit eventyr å få vera med på, legg ho til.