Tid for varm og nylufta dyne: Butikksjef Irene Andersen Midtbøen ved Sverre Ruud manufaktur AS i Kviteseid fortel at mange har vore innom for å handle ny varm dyne før kulda sette inn, og seier at det er nyttig å lufte, fryse ned og riste dyner og puter godt når kuldegradene kryp nedover.

Nytt dei kalde dagane til å ta knekken på småkrypa i sengetøyet

Det er skikkeleg kulde for tida, noko som gjev eit godt høve til å ta knekken på husdyrmidd som gjerne trivst i dyner, puter, madrassar og andre tekstilar.

Gradestokken viste mellom anna -38 ved Straume i Øyfjell fredag morgon, og det er framleis meldt kaldt dei komande dagane i Vest-Telemark.

Og når det er kuldegrader ute får ein eit godt høve til å lufte både dyner, puter og madrassar, noko som kan vere eitt av tiltaka du kan gjere for å bli kvitt midd i sengetøy og andre tekstilar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regionssekretær i Astma og allergiforbundet Østafjells, Ellen Sørby, seier til VTB at kulda faktisk kan gje reingjeringsglede.

– Nå som me har mykje og rein snø, bør me la alle husets teppe få base i snøen heile dagen. Frys ned teppa på ein tørr stad fyrst og legg dei i snøen etterpå. Husstøvmidd og avføring frå midd, støv og nokre flekkar vil forsvinne når me avsluttar med å riste og banke tekstilane godt, seier Sørby.

600 midd på ei knappenål

Det blir hevda at på dagar det er veldig kaldt, mellom minus 15 og 20 grader, bør ein legge madrassar, dyner og puter til lufting utandørs i minst åtte timar.

– Er det viktig at tekstilane ligg såpass lenge ute?

– Ja, det tar tid før tekstilane som held +20 grader lar seg fryse ned til -15/-20 grader. Så dersom all levande midd skal døy, tar det tid. Det er svært viktig at ein ristar og bankar alt godt før ein tar det med inn att. På den måten blir støvet og middavføring igjen ute, seier Sørby.

– Kvifor og korleis reagerer ein på husstøvmidd?

– Protein frå midden si avføring som samlar seg i støv kan gje irriterte luftvegar, luftvegsallergi, og hos enkelte eksem. Midden er liten, ein kan telje 600 midd på eit knappenålshovud, og det er særleg avføringa til midden ein reagerer på. Det betyr at me snakkar om små irritantar som lar seg puste inn. Ein kan også få snue, kløe i augo, tett nase og eksem, fortel Sørby

«Sleng» dyna dobbelt

Ho seier at ein ser at det er ei utfordring med husstøvmidd i soverom der det er høgare luftfukt, spesielt under dyna i senga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Derfor er det viktig å lufte sengetøy kvar dag året rundt. Me anbefaler å «slenge» dyna dobbel nedst i senga og legge puta på nattbordet nokon timar, dersom ein ikkje henger det ut. Ein bør minske støvsamling særleg på soverom, og godt reinhald, tette hyller, teppe ein kan ta ut og riste, og ikkje ha heildekkande teppe kan vere lurt, meiner Sørby.

Gjer nytte av det kalde vêret: Kulda kan gje reingjeringsglede, meiner regionssekretær i Astma og allergiforbundet Østafjells, Ellen Sørby, og seier det er ei ekstra utfordring med husstøvmidd i soverom der det er høgare luftfukt, spesielt under dyna.
Tips

1. Heng teppe og dyner tørt under tak slik at det blir frost i dei. Det tar om lag ein time å få frost i tøyet.

2. Når det har blitt frost i tekstilane, kan du legge dei ut i snøen. Det er viktig at tekstilane er frosne, elles smelter snø inn i tekstilane.

3. La teppe og dyner ligge ute i kulda heile dagen i snø. Bank dei fri for snø og midd.

4. Til slutt drar du dei bortover i den reine snøen. Slik kan du også reingjere tekstilane. Bank og rist på ny før du tar tekstilane inn.

Kjelde: Regionssekretær i Astma og allergiforbundet Østafjells, Ellen Sørby.