Nytt dansestudium ved USN Rauland: – Er det sant?!
– Me har fått dansestudiebacheloren vår, ti studieplassar i kategori B, seier nestleiar ved USN Andrea Kasbo Rygh til instituttleiar Stian Roland, som er med på telefon. – Å, herregud så fantastisk, seier han.
– Det blir ein heilt fantastisk nyheit, for eg skal i halvårsmøte for folkedansen i Noreg i Oslo i morgon, og var veldig spent på kva eg skulle svare med tanke på det prekære behovet for danseutdanning. Men no kan eg koma med ei god nyheit! seier ein svært glad instituttleiar.
Opprop frå dansemiljøa
For folkedansutdanning er mangelvare i Noreg, og i 2020 skreiv alle folkedansmiljøa i landet under på eit opprop der dei ønskte ei slik utdanning i Rauland.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ein har hatt moglegheit for å velje dans som hovudinstrument i folkemusikkstudiet, men med eit eiget bachelorprogram får me heilt andre moglegheiter, seier Rygh strålande fornøgd.
For dei nye studieplassane kjem med kategori B-finansiering. Dette er ein høgare sum enn kategori A, og gjev høve til individuell oppfølging og instruksjon.
– Eg gler meg skikkeleg til å fortelje dette til lærarane på huset, seier Rygh.
For USN Rauland har både planar og lokale klart.
– Nokre av lærarane har jobba mykje med å få til dette studiet, og har vore med og skrive planar for BA-programmet. Dei har vore veldig dyktige, saman med Stian (Roland, journ.anm), som også har stått på, og som er ein dyktig dansar sjølv.
6,6 millionar i året
USN Rauland vil få 1,1 millionar til oppstart av studiet hausten 2024. Deretter vil pengesummen bli trappa opp år for år, ettersom alle tre studieåra i BA-programmet får studentar. Når løyvinga får full effekt utgjer den 6,6 millionar kroner i året. Ordførar Jon Rikard Kleven er svært fornøgd med at dette har kome på plass.
– Eg fekk oppropet frå dansemiljøet i 2020, og har jobba for saka sidan, seier Kleven. Med seg på laget har han hatt Åslaug Sem-Jacobsen (Sp).
– Ho har jobba knallhardt for dette, seier Kleven.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dette er viktig både for å ta vare på den immaterielle kulturarven vår, men også for reiseliv og næringsliv, som etterspør oppsettingar med folkedans, seier Sem-Jacobsen.
– Eg har fått mange tuppar i baken av Jon Rikard, og i tillegg fekk eg ein skikkeleg tupp bak då eg opna ein folkemusikkfestival i Oslo. Der såg eg hallingdansarane i Frikar i oppsettinga Skaut. Dei hadde med andre dansarar også, og oppsettinga tok opp temaet kvinneundertrykking gjennom å fokusere på skautet. Folkedansen gjekk inn i ei høgare eining med dei andre elementa, og det var altså så imponerande. Eg får gåsehud her og no berre av å tenke på det, seier Sem-Jacobsen.
– Og tenk, no blir det mogleg å utdanne fleire slike utøvarar.
– Så då kan det bli riktig livleg på det nye studenthuset som blir bygd her borte, skyt Kleven inn.
– Når folkemusikkstudentane får folkedansstudentar å spele for.