Leiaren i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge er ikkje nøgd med forslaget til ny språklov.Foto: Noregs Mållag

– Nynorsk kan bli svekt i offentleg forvalting

Familie- og kulturkomiteen på Stortinget har lagt fram innstillinga til språklova. Målrørsla er ikkje nøgd med det som gjeld nynorsken

– Stortinget ser godt kva nynorskbrukarane treng, men fleirtalet lét vere å gjere avgjerande lovendringar som hadde styrkt nynorsken, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

– Her har Venstre og KrF tydelegvis gjort knefall for Høgre. Det er frykteleg skuffande. Vi hadde forventa ei språklov som verkeleg var offensiv på vegner av nynorsken, seier leiaren i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, i ei utsegn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Noregs Mållag var ikkje nøgd då regjeringa sende språklova til Stortinget i mai i fjor, men hadde håpa at Stortinget ville forbetre lova.

Norsk Målungdom meiner det er mange gode prinsipp i lova, men er skuffa over at det gode føremålet ikkje blir følgd opp av tydeleg og offensiv politikk. Ungdomsorganisasjonen er spesielt skuffa over at fleirtalet i komiteen vil fjerne klageretten til språkorganisasjonar, og byte denne ut med ein rett til å påpeike feil.

Leiar for Målungdommen, Gunnhild Skjold, meiner at klaging gjennom organisasjonar er eit viktig verktøy for å sikre at så mange som mogleg seier frå når dei ikkje får det dei har rett på.

– Dei siste åra har vi hjelpt meir enn 200 studentar å klage på manglande nynorskoppgåver. Å klage på lovbrot kan vere byråkratisk og vanskeleg, spesielt for eksamensstressa ungdom. No håpar vi at det blir tatt like alvorleg når vi berre kan påpeike feil, seier Skjold i eit utsegn.

I Granavollplattforma i 2019 var Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti samde om ei språklov som fører vidare prinsippa «i lovverket i dag knytt til jamstilte målformer».

Svekt krav til nynorskkompetanse

– Det gjorde ikkje regjeringa då dei i lovforslaget i 2020 reduserte kravet til statstilsette om å kunne bokmål og nynorsk frå ei tenesteplikt til eit mogleg krav, seier Sandsmark.

Nynorsk kultursentrum koordinerer Nynorsk forum, med 17 nynorskorganisasjonar, som er samde om at lova hadde vore vesentleg betre med å framleis krevje at statstilsette kan både bokmål og nynorsk.

– Prinsippa i lova er gode, men dei blir ikkje følgde opp i dei paragrafane som regulerer den daglege bruken av nynorsk i staten og fylkeskommunane. Utan svært offensive leiarar og tilsette i offentleg sektor kan lova føre til mindre nynorskbruk i offentleg sektor. Det er urovekkjande, seier Sandsmark.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Regjeringspartia har svekt kravet om nynorskkompetanse for tilsette i staten. Det er alvorleg og vil svekkje nynorsken i offentleg forvalting. Dessutan er det eit brot på regjeringa si eiga politiske plattform, meiner Peder Lofnes Hauge i Mållaget.

Han er også skuffa over at språknøytrale fylkeskommunar ikkje får ei klar talfesting av korleis dei skal veksle mellom bokmål og nynorsk og at klageretten blir innsnevra.

Ikkje sanksjonar

Den nye språklova får ikkje sanksjonar, men eit fleirtal i Stortinget vil vurdere dette seinare.

– Vi meiner at lova må ha sanksjonar. Det er ikkje urimeleg å vente at staten følgjer sitt eige lovverk, seier Peder Lofnes Hauge.

Direktøren i Nynorsk kultursentrum registrerer at eit stort fleirtal i komiteen ønskjer å evaluere lova og vurdere sanksjonar, men at dei ikkje har blitt samde om korleis.

– Eg vonar uansett vi får ei evaluering i nær framtid. Då får vi sett kva resultat lova har hatt så langt. Det er eit godt høve til å justere kursen og om nødvendig leggje inn sanksjonar, seier Sandsmark.

Viktige presiseringar

Stortingsfleirtalet har samla seg om viktige presiseringar om nynorsk i skulen og kulturlivet som medlemene i Nynorsk forum har vore samla om. Regjeringspartia har gått i hop med dei raudgrøne partia om å styrkje tiltaka for nynorsken på fleire område.

– Det er svært positivt at ulike fleirtal bed om tiltak for nynorsk i barnehagen, digitale læremiddel i grunnskulen og pensumlitteratur for høgare utdanning, seier Sandsmark.

Artikkelen held fram under annonsen.

Breie fleirtal i Stortinget ser ut til å samle seg om å styrkje norsk språk, fremje likestilling mellom bokmål og nynorsk, og sikre vern og status for dei samiske språka, kvensk, romani, romanes og norsk teiknspråk.

– Dette er i seg sjølv ein solid siger for språkmangfaldet i Noreg. Lovverket går no lenger enn berre å regulere kva språk ein skal skrive i staten, og gir i tillegg lovmessig vern for språkmangfaldet i Noreg, seier Sandsmark.

Nynorsk kultursentrum meiner dei største styrkane med den nye lova er at alle offentlege organ må ta særleg omsyn til nynorsk, utover minstekrava i lova, at staten må bruke ein viss del nynorsk så lenge det er minst éin nynorskkommune i området, og at fylkeskommunane får auka språkansvar.

(©NPK)

Direktør i Nynorsk kultursentrum, Per Magnus Finnanger Sandsmark. Foto: Hallvard Østrem / NPK
Leiar i Norsk Målungdom Gunnhild Skjold.Foto: Ingunn Vespestad Steinsvåg / Norsk Målungdom