Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK

Nye reiseråd: Desse landa er i faresona

Fredag kjem oppdaterte reiseråd frå regjeringa. Fleire land er i faresona for å bli «raude».

Det er knytt spenning til kva land som blir «grøne», og kva for nokre av dei som blir «raude».

Folkehelseinstituttet har sett ei grense på 20 smitta per 100.000 innbyggjarar dei siste to vekene for at eit land skal reknast som «grønt». Styresmaktene har sagt at dei vil gjere ei heilskapsvurdering.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er allereie varsla at Spania truleg blir raudt grunna aukande smitte med eit smittetal på 30,9. Men også fleire andre europeiske land har ei stigande smittekurve, mellom andre Belgia og Frankrike.

Belgia og Frankrike

Dette er dei grøne landa som er i faresona for å bli raude, ifølgje tal frå Det europeiske smittevernbyrået

* Belgia: 18,5

* Austerrike: 17,2

* Storbritannia: 14,1

* Frankrike: 13,2

* Polen 11,8

* Slovenia: 12,1

Artikkelen held fram under annonsen.

Landa som ligg dårlegast an i Europa, er Luxembourg (196,1), Romania (51,4), Sverige (45,4), Bulgaria (46,3) og Portugal (41,8).

Til samanlikning har Noreg eit smittetal på 2, Danmark har 7,8, Finland har 1,4 og Island har 2.

Stor pågang

Dei som kjem heim frå Spania etter midnatt natt til laurdag, må i ti dagars karantene dersom Spania skiftar farge. SAS har sagt at dei til og med vil auke farten på eit SAS-fly frå Alicante for å rekke fristen, ifølgje

Europeiske Reiseforsikring, som er del av If, seier det er stor pågang frå spaniareisande som lurer på kva råd som gjeld.

– Dersom landet eller regionen hadde grønt lys på seg ved reise, vil reiseforsikringa gjelde som normalt, inkludert medisinsk hjelp og eventuell heimtransport ved sjukdom, seier informasjonssjef Sigmund Clementz.

Ho dekkjer derimot normalt ikkje tapt arbeidsinntekt ved karantene ved heimkomst dersom du reiser heim etter det vart raudt.

Ifølgje Fremtind, som er forsikringsselskapet til DNB og Sparebank 1, så gjeld reiseforsikringa òg dersom du har reist til eit land som blir endra frå grønt til raudt medan du oppheld deg der.

Nye regionar blir opna i Sverige?

Dei svenske regionane Kalmar og Värmland blir truleg opna for nordmenn, saman med Blekinge som allereie har vore grøn, skriv

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei tre regionane er dei einaste som torsdag tilfredsstiller kriteria. Dei grøne regionane Kronoberg (20,2) og Skåne (23) står i fare for å bli raude igjen etter ein smitteauke.

Tala er førebelse, og det kan dermed kome små justeringar, presiserer avisa.

Värmland grensar til Noreg, medan Blekinge og Kalmar ligg søraust i nabolandet.

(©NPK)