To vgs-elevar er smitta: To skular er stengt fredag

Tokke-ordførar Jarand Felland seier to skular i kommunen er stengt i morgon fredag som fylgje av at elevar på vidaregåande skule på Dalen er smitta av covid-19.

Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen og Høydalsmo skule er stengt i morgon fredag.

Tokke kommune la ut denne meldinga torsdag kveld:

Artikkelen held fram under annonsen.

«Smitte på Vest-Telemark vidaregåande skule:

To elevar er stadfest smitta ved Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen. Som følgje av dette er skulen stengd i morgon, fredag 28.05. og undervisning vil føregå heimanfrå.

Smittevegen er ukjend og smittesporing pågår. På grunn av at husstandsmedlemmar til smitta gjeng på Høydalsmo skule, blir også Høydalsmo skule stengt i morgon (fredag). Foreldre til elevar har fått eiga melding om dette.

Som eit tiltak for å få oversyn over situasjonen og hindre vidare smitte skal alle elevar på Vest-Telemark Vidaregåande skule på Dalen bli testa for covid-19 i morgon (fredag). Medan dei ventar på prøvesvar er dei i karantene. Andre enn elevane som skal i karantene får konkret beskjed om det frå smittesporingsteam. Dei elevane som bur og oppheld seg i Tokke no, skal teste seg på legekontoret på Dalen, og blir kontakta for tidspunkt på testing.»

Fem smitta i Vinje

Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven melde torsdag om nok eit smittetilfelle i kommunen – det femte på kort tid, men dei fire fyrste tilfella høyrer alle til i same husstand.

– Det siste smittetilfellet i dag er knytt til smitte på Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen, var meldinga frå ordføraren i Vinje.

Alle elevane blir testa i morgon. Medan dei ventar på prøvesvar er dei i karantene. Enkelte andre ungdomar knytt til ein nærkontakt av den smitta blir sett i ventekarantene fram til testresultat er klart.