Noreg eksporterte straum for 5,1 milliardar kroner i første halvår. Foto: Vidar Ruud / NTB

Noreg selde rekordmykje straum i første halvår

I første halvår av 2021 selde Noreg straum til utlandet for over 5 milliardar kroner. Krafthandelen med utlandet sette dermed rekord, rekna i kroner.

Nettoeksporten av kraft var på 3,3 milliardar kroner. Det ein tredel meir enn den førre rekorden for første halvår. Den er frå 2012, skriv E24.

Statistikken for utanrikshandelen viser at Noreg i første halvår selde kraft til utlandet for 5,1 milliardar kroner og kjøpte for 1,8 milliardar kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Statnett eig og driv Noregs kraftsamband til utlandet. Konserndirektør Gunnar Løvås forklarer dei høge eksportinntektene med at prisane i marknadene rundt oss har vore høgare enn vanleg over ein periode.

– Dette kjem av ein kombinasjon av låg produksjon av vindkraft, auka prisar på kol og gass og høge prisar på utsleppskvotar som kraftprodusentane på kontinentet må kjøpe, seier han.

I sum har det gitt høge kraftprisar i utlandet.

– Dermed blir det lønnsamt for Noreg å selje kraft til utlandet. Talet for eksportinntektene i første halvår reflekterer dette, seier Løvås.

(©NPK)