Administrerande direktør Ole Erik Almlid i NHO innleidde på frukostmøtet til NHO Reiseliv i NHO-bygget på Majorstuen i Oslo tysdag. Han understreka at hausten og våren vil bli ei utfordring for reiselivsnæringa. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK

NHO fryktar ein svart haust for reiselivet

Kvar fjerde reiselivsbedrift fryktar konkurs, og kvar tredje fryktar oppseiingar. Etter tøffe tak for reiselivet i vår og sommar kan hausten bli svart, trur NHO.

Etter ein sommar som delar av bransjen blir karakterisert som eit lite pustehol, ser det utover hausten dystrare ut for reiselivet. Mange hotell og restaurantar har hatt god omsetnad i sommar på grunn av at nordmenn har feriert i eige land, men krisa er ikkje avblåsen.

– Vi skal vere ærlege med oss sjølve og seie at dette ikkje er ei krise som er over, men at vi står midt i krisa, sa NHO-direktør Ole Erik Almlid på eit frukostmøte om norsk reiseliv tysdag morgon.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er denne hausten og eventuelt òg våren ei stor utfordring for oss? Svaret er ja, sa han vidare.

Svart haust

I ei undersøking som NHO har gjort blant reiselivsbedrifter, svarar to tredelar at dei har færre bestillingar for september samanlikna med i fjor. 28 prosent har ingen bestillingar i oktober, som vanlegvis er ein travel månad for kurs- og konferansemarknaden.

Før sommaren varsla regjeringa at dei ville auke talet på deltakarar på arrangement til 500 frå 1. september, men førre veke vart det klart at dei bremar opp lempinga på tiltak.

Reglar om maksimum 200 deltakarar på arrangement gjer at det spøkjer for konferansehausten. Smittevernkrava som store delar av bransjen framleis må følgje, er òg kostnads- og arbeidskrevjande.

– Juli har vore eit lite pustehol for bransjen vår, med cirka 50 prosent av normal omsetnad. Men hausten kjem, og hausten er svart, seier administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv.

Mange bedrifter planlegg oppseiingar

Trass at mange reiselivsbedrifter i Noreg melder om ein god sommar så langt, er det framleis mange permitterte i reiselivsnæringa. 40 prosent av bedriftene har permittert sine tilsette. 19 prosent har permittert 51 til 100 prosent av dei tilsette.

I medlemsundersøkinga svarar 28 prosent av bedriftene at dei har planar om oppseiingar som følgje av koronautbrotet. 37 prosent av hotell- og overnattingsbedrifter planlegg oppseiingar, medan talet for servering og uteliv er 26 prosent.

Ifølgje Devold har dei fleste reiselivsbedriftene gjennomført oppseiingar allereie, og det er langt ifrå visst at alle dei permitterte får kome tilbake. For å hindre konkursar og oppseiingar er ho oppteken av at så lenge styresmaktene hindrar inntening for bransjen, må bransjen bli kompensert.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kvar einaste arbeidsplass som kan reddast, er viktig. Og er det éin ting bedriftene er opptekne av, så er det å sikre at dei har den grunnbemanninga dei treng for å kunne halde fram, seier ho til NTB.

Smørbrødliste med krav

Bransjen spør no etter ei forlenging av permisjonsordninga til 52 veker, dei ber om at spesifikke kompensasjonstiltak til reiselivet må tilbydast ut 2020 og 2021, at overnattingsmomsen bør haldast på 6 prosent ut 2021, og at tillaten mengd i forsamlingar blir auka som planlagt frå 200 til 500 frå 1. september.

Reiselivet meiner vidare at løpetida på kriselån bør utvidast frå tre til seks år, og at kravet om bordservering av alkohol bør endrast.

I NHOs medlemsundersøking svarar kvar fjerde bedrift at dei fryktar konkurs. Talet er ein nedgang frå førre undersøking. Devold forklarer nedgangen med kompensasjonsordningane frå regjeringa, som ho meiner bør forlengjast.

– Det viktigaste for oss er å unngå unødige konkursar og unødige oppseiingar, men dessverre vil noko likevel kome, seier ho.

Regjeringa ser på behova

Næringsminister Iselin Nybø (V) seier regjeringa no skal samanfatte sommaren og sjå kvar behova ligg.

– Vi har gjennom heile krisa hatt eit nært og tett og godt samarbeid med næringslivet. Det har regjeringa ein ambisjon om å halde fram med, seier ho.

– Vi må førebu oss på at dette blir langvarig. No når smitten stig igjen, har vi ikkje noko anna val enn å bremse opp. Det siste vi ønskjer, er å måtte stengje, held ho fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)

Kristin Krohn Devold, som er direktør i NHO Reiseliv, var til stades på frukostmøtet tysdag i NHO-bygget på Majorstuen i Oslo. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK
Næringsminister Iselin Nybø (V) seier regjeringa no skal setje ein fot i bakken og vurdere kva som bør gjerast framover med tanke på situasjonen i reiselivet og norske bedrifter elles. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK
Næringsminister Iselin Nybø (V) i samtale med Kristin Krohn Devold, som er direktør i NHO Reiseliv. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK