På grunn av krevjande sprengingsarbeid og omfattande sikring vil Rv41 ved Mjågeto bli stengt fram til fredag 31. mars. Deretter vil Rv41 vera open i heile påska.

Nå har Vegvesenet kome med endå ein ny dato for opninga av Rv41: – Uheldig at me ikkje klarer å opna vegen som planlagt

Riksvegen mellom Nes og Kyrkjebygda opnar fredag 31. mars klokka 14.30.

Det melder Statens vegvesen i ei pressemelding torsdag.

Vegen skulle eigentleg opne måndag 27. mars, men det krevjande sikrings- og sprengingsarbeidet gjer at entreprenøren treng meir tid. Derfor blir Rv41 ved Mjågeto, om lag seks kilometer sør for Kyrkjebygda, stengt i nokre dagar til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Opphavleg plan var å opne vegen delvis frå 13. mars.

Høgt, smalt og veldig bratt

– Det er dessverre uheldig at me ikkje klarer å opna vegen som planlagt. Rv41 har vore stengt på grunn av omfattande sprengingsarbeid. Det er svært høge fjellskjeringar som skal fjernast for å laga ein breiare veg, seier byggjeleiar Jon Krogstad Bøe i Statens vegvesen i pressemeldinga.

Arbeidet som har gått føre seg den siste tida er svært krevjande sidan det er ein høg fjellskjering og smalt og bratt ned mot Nisser. Statens vegvesen har vurdert at det ikkje er forsvarleg å ha trafikk på Rv41 medan sprengingsarbeidet og det omfattande sikringsarbeidet går føre seg. Derfor har dei vore nøydde til å halda vegen stengd.

Rv41 vil opna til påske

– Sidan vegen opnar fredag 31. mars betyr det at påsketrafikken kan gå som normalt. Rv41 skal vera ope i heile påska. Etter påska vil vegen vera delvis oppe frå tysdag 11. april og til 9. mai. Då vil vegen vera open morgon, ettermiddag og i helgane, seier Bøe.

Utbetringa mellom Kyrkjebygda og Nes er ein del av arbeidet med å forbetra Rv41 mellom Treungen og Vrådal.

Medan vegen er stengd ved Mjågeto, vil det bli skilta omkøyring mellom Treungen og Steane. Trafikantar sørfrå må då køyra via fylkesveg 358 forbi Gautefall til Bostrak og vidare fylkesveg 38 via Grova til Steane.