Klar for tur: Bak frå venstre: Åse Irene Solli, Gunn Kottelin, Rita Beck, Ingrid Seltveit, Joar Breivik, Anne Marie Brokka. Framme frå venstre: Dagfinn Midtbø, Gry Mona Beck, Gunstein Seltveit.

Nå er dei ein hard kjerne som har vore på lange turar i heile kommunen. – Det er alltid ein ny tur me kan ta

Ingrid Seltveit har fått med seg turgjengen på frivilligsentralen i Tokke på litt lengre turar enn det som var vanleg tidlegare.

Sidan i fjor sommar har turgjengen ved Tokke frivilligsentral gått lengre turar rundt om i kommunen. Sidan då har om lag 30 personar vore med på desse langturane. Humøret er på topp, uansett korleis vêret er.

Primus motor for turgruppa er Ingrid Seltveit. Ho flytta tilbake til barndomsbygda Skafså i 2022. Då var det tilbod via frivilligsentralen om korte turar rundt i Dalen sentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette syntest eg var for stutt og eg starta opp med lengre turar for dei som ville. Det er viktig å kome ut å sjå natur og vera i lag med andre. Med dette tilbodet tenkte eg eg skulle dra folk med over denne dørstokkmila. Me er ein hard kjerne på fem til seks personar som går nesten kvar gong. På det meste har me vore elleve personar på tur, fortel Seltveit.

Les også
Heimattvendte Ingrid har starta songkafé på frivilligsentralen
På tur: Glade vandrarar på fjellet og i mektig natur.

Områdets historie

I fjor haust hadde gruppa alt gått 17 turar sidan starten i august. Deltakarane er godt vaksne. Den eldste som var med var 86 år. Turane går over heile kommunen og går føre seg kvar onsdag. Lengda på turane varierer, det lengste dei har gått er om lag 8 km.

– No trur eg me har vore overalt i kommunen, men på kvar tur kjem me alltid på ein ny tur me kan ta, så me slepp ikkje opp for turmål med det fyrste. Til no har me vore i Ravnjuv, gått langs plassar i Bandaksli, Stridsmoen (Skafså), Åmdals Verk, Skrevatn, Vråliosen, Håtveit i Mo, Froland, frå Skafså til Åmdals Verk og frå Skafså til Grimdalen, fortel Seltveit.

Gruppa prøvar å få med seg kjentfolk kvar gong dei er på tur, for å få litt historie om området dei er i. Då bladfyken var med gjekk turen til Hallbjønnsekken. Dagfinn Midtbø fortalde litt frå Tokke historielags årbok om området. Det var ein sprek og livat seniorgjeng som gjekk i lag langs vegen. Turen vart avslutta med kaffi og niste på verandaen utanfor Skafså fjellkyrkje.

Kjentmann: Dagfinn Midtbø fortalde om området Hallbjønnsekken. -Det er ein teori som går ut på at det var to brør som heitte Bjønn og som delte dette området mellom seg og der av namnet (hall- som i halv) og Bjønn som i Bjørn. Altså to Bjørn med kvar sin halvdel, fortalde Midtbø.
Moka: Joar Breivik moka snø slik at turgjengen kom seg inn i Skafså fjellkyrkje.
Tur: – Eg byrja å gå i oktober i fjor. Det er eit veldig godt miljø i gruppa. Den er sprudlande og livleg å vera med i, seier Gry Mona Beck frå Skafså.