Songkafé: Her blir det sunge «Den første løvetann», ein klassikar blant Noregs viser.

Heimattvendte Ingrid har starta songkafé på frivilligsentralen

I desember 2022 flytta Ingrid Seltveit attende til barndomsbygda Skafså, etter mange år i Grimstad. På Tokke frivilligsentral fann ho ein møteplass og ho tok initiativet til allsong ein gong i veka.

– Tilbodet skal vera for alle som har lyst til å synge og terskelen skal vera låg for å vera med her. Song er sosialt og ein får ut mange kjensler med å synge. Mange som nyttar dette tilbodet er aleine, seier Seltveit.

Måndagen VTB var der og lodda stemninga var det mange som møtte opp. Oppmøtet har variert sidan starten i februar. Dei har vore om lag 14 på det meste. Songane dei syng finn dei i songboka «Syng med oss», som ei diakongruppe i Orkanger har laga. Mange er pensjonistar som har frivilligsentralen som ein fast møtestad. Ein av dei er 88 år gamle Mette Stange som bur på Dalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er veldig moro å synge og eg går og nynner for meg sjølv når eg er aleine heime. Eg var med i kor då eg var veldig ung, seier Stange som har hatt sentralen som møtestad i mange år. – Eg er her kvar dag, seier Stange.

Skaffe seg nettverk

Det fyrste Seltveit gjorde då ho kom til Skafså var å orientere seg i kommunen for å finne sosiale møtestader. Ho er ufør og ville finne stader ho kunne vera, så dagane ikkje skulle bli så lange. Musikk har alltid vore viktig for henne og det byrja med at ho lærte seg å spele klassisk på piano. Derfor var det naturleg å starte songkafé.

– Ein dag «ramla eg innom» sentralen her – no har eg songkafé her og er med i styret. Så sentralen har vore eit veldig bra tilbod for meg sidan eg kom hit. Eg måtte få meg eit nettverk når eg flytta attende og det har eg fått her. Her fann eg også lokale til songkafé og noko som kunne aktivisere meg. Så eg ynskjer at det kjem fleire og syng med oss på måndagar, fortel Seltveit.

Ved pianoet: Ingrid Seltveit på pianoet. Pianoet blei kjøpt med midlar frå frivilligsentralen.

Tilrettelegging

Tokke Frivilligsentral har ei rad med tilbod. Dei har ope måndag til fredag mellom klokka 11 og 14. Det er tilbod om vandring, seniornett, spelekveldar, sjakkopplæring/turneringar, utlåning av ski, paddleboard, syklar, fiskeutstyr, strikkekveld, språkkafé, språkpraksis, arrangement, linedance, Tokke talar og markering av kvinnedagen. Denne dagen VTB var her så var også dei daglege leiarane for frivilligsentralane i Kviteseid og Vinje til stades. Saman med dagleg leiar for Tokkes frivilligsentral, Sabine Gati, utveksla dei informasjon, idear og fag.

– Den viktigaste oppgåva for frivilligsentralen er å legge til rette for folk så dei kan aktivisere seg. Viktig for oss å skape sosiale møtestader, sjølv om frivilligsentralane har ulike måtar å organisere dette på. Me skal ha eit tilbod som kommunane ikkje har, seier Gati.

Leiarane: Frå venstre: dagleg leiar for Kviteseid frivilligsentral Cecilie Austjore-Hosum, Sabine Gati, dagleg leiar for Vinje frivilligsentral Ea Kristine Bakken.– Det er alltid hyggjeleg med treff oss leiarar i mellom, og eg har aldri vore på denne sentralen tidlegare, sa Austjore-Hosum.