Millionvegen langs Sundbarmvatnet blir beredskapsveg medan Åmotsdalsvegen er stengt.

Millionvegen er stilt til disposisjon som beredskapsveg

Vegen er testa og må bli reservert til beredskap slik at utrykkingskøyretøy kjem fram ved behov.

Det melder ordførar Beate Marie Dahl Eide på Facebook onsdag kveld i samband med at Åmotsdalsvegen. Vegen har vore stengt sidan det måndag gjekk eit jordras vel 2 kilometer frå Nutheim. Statens vegvesen har varsla at vegen vil bli stengt «inntil vidare», og at han ikkje opnar at før uti neste veke.

Ifylgje ordføraren er det frykt for at sjølve vegbanen kan rase ut når ein startar sikringsarbeidet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tryggleik for innbyggjarane og dei som skal utføre arbeidet med sikringa kjem først, melder Eide på Facebook.

Ho seier beredskapen er gjennomgått med tanke på brann, ambulanse og politi. Det vil bli rykt ut frå Åmot om det er behov. Millionvegen – frå Manndal til Kivledalen – er stilt til disposisjon som beredskapsveg. Vegen er testa og blir reservert til beredskap slik at utrykkingskøyretøy kjem fram ved behov.

Oppmoding: Beate Marie Dahl Eide og Sondre Aasan.

– Heimetenesta leverer tenester til dei som treng det gjennom å køyre via Øyfjell. Bygdefolket stiller som vanleg godt opp for kvarandre i denne krevjande situasjonen, melder Eide.

Frå torsdag vert det transport for ungdomsskuleelevane til skulen, om Øyfjell.

Det blir lagt opp til digital undervising for dei 24 barna som soknar til Flatdal oppvekstsenter, men det vil bli tilbod om skyss til skulen for dei som ynskjer det.

– Tilsette i kommunen som bur i Åmotsdal samarbeider no med andre bygdefolk for å få på plass ei tilsynsordning i Grendehuset, slik at elevar kan samlast for å ha digital skule i fellesskap. På den måten gjer ein det lettare for foreldra å kunne reise på jobb, skriv ordføraren, og legg til at ein må også må hugse på smittevernet i denne situasjonen.