Turistar på toppen av Festvågtinden ved Henningsvær i Lofoten. Det er viktig å kome seg ut mens sola skin, oppfordrar statsmeteorolog Magnus Ovhed. Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix / NPK

Meteorologisk institutt: Utnytt finvêret når du kan

Sommarvêret er skiftande over heile landet. Kom deg ut medan sola skin, er tipset frå meteorologen.

– Ikkje vent med å gjere ting til ettermiddagen eller neste dag om det er fint vêr. For det er ikkje sikkert at det held seg, seier statsmeteorolog Magnus Ovhed ved Meteorologisk institutt til NTB.

Alle vêrtypar i Nord-Noreg

Varierande vêr skal prege heile Noreg i tida framover. Dette gjeld særleg i Nord-Noreg, der ein finn alt frå nesten skyfri himmel og sol til regnbyer og havskodde.

For søringar som har lagt sommarferien til nordlege delar av landet, er det dermed viktig å pakke for ulike vêrforhold.

Fint om morgonen

I resten av landet er vêret litt meir føreseieleg. På Austlandet og Innlandet kan det bli lange periodar med sol og fint vêr om morgonen og føremiddagen, følgt av skyer og regnbyer om ettermiddagen om kvelden. På natta klarnar det så ofte opp att.

– Neste morgon kan det vere heilt klart igjen, og så har ein det gåande neste dag. Det er ikkje uvanleg at det kan vere sånn i ganske lange periodar, seier Ovhed.

– Når det er den typen vêr, burde ein passe på å gjere ting tidleg på dagen i staden for å vente til seint på ettermiddagen. Særleg i innlandet er det nesten alltid best vêr på føremiddagen, understrekar han.

Sjekk forholda før båtturen

Skiftande vêr finn ein òg på Vestlandet, som kan vente seg byer dei neste dagane. Lengre sør langs sørlandskysten er vêret finare, sjølv om dette òg etter kvart kan endre seg.

– Det er òg frisk vind, opptil liten kuling, i alle fall på den vestre delen av Sørlandet, seier Ovhed.

Dette har konsekvensar for båtfolket.

– Dei burde sjekke forholda akkurat der dei skal vere. Det er ganske mykje vind ute på havet, seier meteorologen.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)

Torskehovud heng til tørk i Reine i Lofoten. I Nord-Noreg kan ein denne sommaren finne alle vêrslag. Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix / NPK
Midnattssola lyser inn langs fjella i Kjerkfjorden ved Reine. Nordmenn som har lagt noregsferien til dei nordlege fylka, må pakke for ulike vêrforhold. Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix / NPK