Politiaksjon i Seljord: – Ingen grunn til bekymring

Klokka 10 melde politiet om at det skal vera avfyrt skot i Seljord.

12.00: Det er inga grunn til bekymring for allmenta etter politioppbodet i Seljord sentrum. Politiet har ingen grunn til å tru at det har skjedd eit alvorleg straffbart forhold.

11.46: Politiet er i ferd med å trappe ned nærværet i Seljord. Har ikkje fått inn nye opplysingar i saka. (Politiet Sør-Aust på Twitter)

Artikkelen held fram under annonsen.

– Reell melding

– Det er grunn til å tru at meldinga er reell. Meldar er våpenkyndig og meiner å ha høyrt eit tohandsvåpen, seier operasjonsleiar Erik Gunnerød til avisa Varden klokka 10.45.

Politioppbodet var stort i Seljord, VTB talde kring ti bevæpna politifolk, som i hovudsak konsentrerte seg om ein eigedom i sentrum. Politihelikopter sirkla også området kontinuerleg. Etter om lag ein time trakk politiet seg tilbake.

VTB har snakka med ein som bur i nærleiken. Han seier han høyrde eit skot i 9.30-tida.