Valurne: Den gamle valurna i Seljord er ikkje lenger i bruk, men stod framme på Granvin til pynt under kommunestyrevalet i 2019.

Med ny vallov blir det truleg slutt på ulike teljemåtar

Som Vest-Telemark blad tidlegare har omtalt, er det stor skilnad mellom kommunane i korleis valrøystene blir talde. – Valstyret i kvar kommune avgjer, informerer Kommunal- og distriktsdepartementet. Det blir det slutt på når ny vallov blir vedteken.

– Det er opp til kommunestyret å avgjera kor mange røystekrinsar kommunen skal delast inn i. Myndet kan bli delegert til valstyret, opplyser Hilde Greve Mo, seniorrådgjevar i Kommunal- og distriktsdepartementet.

Ikkje valfri oppteljing: – Den nye vallova inneber at det ikkje lenger kjem til å vera valfritt for kommunane korleis oppteljinga blir gjennomført, informerer seniorrådgjevar Hilde Greve Mo i Kommunal- og distriktsdepartementet. Vrådal grendehus var vallokale.

Valstyret i kvar kommune har bestemt

Det er valstyret som avgjer kven som skal telje og korleis oppteljinga skal organiserast. Av kommunane i Vest-Telemark var det berre Seljord som talde krinsvis, dei hine talde samla for heile kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje noko krav om at kvar røystekrins skal teljast opp kvar for seg. Valstyret kan avgjera om røystene skal teljast i vallokalet av dei ulike stemmestyra, eller om det er valstyret som skal telje. Dersom valstyret skal telja, kan dei anten gjera dette samla for heile kommunen, eller dei kan velje å organisere teljinga slik at røystene blir talde krinsvis, held seniorrådgjevaren fram.

Slik vart altså kommune- og fylkestingsvalet i haust gjennomført. No er ei ny vallov på trappene. Her er det teke inn krav om at røystene på valtinget (ikkje førehandsrøyster) må teljast opp i vallkokalet der røystene er avlagte, noko som inneber at det ikkje lenger er valfritt korleis oppteljinga skal gjennomførast.

Openheit: Departementet stiller fleire krav til openheit, mellom anna blir det gjort framlegg om valresultatet for kvart røystelokale skal offentleggjerast. Raulandshuset var vallokale.

Ny lov sikrar offentleggjering frå kvart vallokale

Omsynet til at veljarane har tillit til valet har vore førande i utforminga av lova og framlegga til krav til den praktiske gjennomføringa.

– Det blir også stilt fleire krav til openheit. Det blir slått fast at oppteljing av røyster skal vera offentleg tilgjengeleg, og det blir gjort framlegg om krav til at valresultat skal bli offentleggjort per vallokale, går det fram av proposisjonen om framlegg til ny vallov.

Dermed ser det ut til at veljarane blir meir synlege etter stortingsvalet i 2025. Då kan ålmenta fylgje med på korleis dei røysteføre i Rauland, Brunkeberg, på Åmdals Verk og i Nordbygda i Nissedal stemte, for å nemne nokre av røystestadane i Vest-Telemark.

Omgrep

Valstyre er eit folkevalt organ som blir valt av kommunestyret. Valstyret har ansvar for gjennomføringa av val i kommunen.

Stemmestyre er eit folkevalt organ som administrerer stemmegjevinga i ein røystekrins. Stemmestyret har dermed ansvaret for eit vallokale.

Valting er stemmegjeving på valdagen, til skilnad frå førehandsrøysting.

(Kjelde: regjeringen.no)

Tillit: – Omsynet til at veljarane har tillit til valet har vore førande i utforminga av lova, står det å lesa i stortingsproposisjonen. Lårdal aktivitetshus var vallokale.