Torshaug bedehus: Valgdagen 10. september 2007. Veljar: Solveig Dale. Frå venstre: Gullbjørg Haugholmen, Olav Tveito og Tone Dale Solvang. Arkivfoto.

Dei meir og meir usynlege veljarane

Av kommunane i Vest-Telemark er det berre Seljord som oppgjev valresultatet for kvar krins. Alle dei andre har berre sentral teljing.

Seljord kommune har nå tre røystekrinsar; Åmotsdal, Flatdal/Svartdal og Seljord. I likskap med mange andre kommunar har talet på krinsar stendig blitt redusert. Framfor kommunestyrevalet i 1979 annonserte formann i valstyret i Seljord, John Tveitan, i Vest-Telemark blad om røystekrinsar, røystestader og røystetider. Seljord heldt seg då med i alt 13 røystekrinsar; Flatbygda med Kivledalen og Manheim, Vefald/Brekke, Garvik, Dale/Napastå og Jamgrav, Nordbygda, Krokan, Flatdal, Svartdal, Mandal, Langlim, Kyrkjemoen, Dyrlandsdalen og Skori.

Stemmelokale: Tidlegare var også Mandal grendehus, det nedlagte skulehuset i bygda, stemmelokale. No må mandølane og langlimingane til Flatdal for å røyste.

Ifylgje tal frå Valdirektoratet var det i år 160 røysteføre i Åmotsdal krins, 476 i Flatdal/Svartdal og 1686 i Seljord. For heile kommunen var frammøteprosenten 66. Høgste frammøtet var i Flatdal/Svartdal der 226 personar stemte, noko som gav ein frammøteprosent på 70,8. Verre var det i Åmotsdal der berre 63,8 prosent av dei 160 røysteføre møtte fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Medan Høgre, Framstegspartiet og Arbeidarpartiet var nærast jamstore kommunen sett under eitt, var tala noko annleis i krinsane. I Åmotsdal fekk Senterpartiet heile 45 prosent av røystene, og også i Flatdal/Svartdal blei Senterpartiet størst med 31,1 prosent av røystene. Sett under eitt for heile kommunen kom Senterpartiet nest dårlegast ut med 17,4 prosent av veljarane. Berre nykomaren Raudt fekk færre røyster. Det var altså i kommunesenteret at Senterpartiet gjorde det dårlegast i Seljord. Berre 82 personar, 12,6 prosent, stemte på partiet som har hatt ordføraren dei siste fire åra.

Røystekrinsar

Eit geografisk område innanfor ein kommune, der veljarane er manntalsførte. Dei fleste kommunane omfattar fleire røystekrinsar, og det er lovfesta at kvar krins skal ha eitt vallokale. Slik definerer Valdirektoratet krinsinndelinga.

Av Vallova går det fram at det er kommunestyret, eller valstyret etter delegering, som avgjer kor mange stemmekrinsar kommunen skal delast inn i.

På nettsida regjeringen.no står det å lesa at det er valstyret i kommunen som avgjer korleis oppteljinga skal organiserast, men om det er valstyret eller andre som avgjer om valresultatet skal teljast og publiserast krinsvis, har ikkje Vest-Telemark blad lykkast med å finne sentrale føringar for.

Tel berre tal røystesetlar

For politikarar og veljarar i Seljord, lokaldemokratiet, burde dette vera interessante tal å analysere. Slike analysar er ikkje mogeleg å utføre i dei andre kommunane i Vest-Telemark. På nettsida til Regjeringa, valgresultat.no, er resultata berre oppgjevne for kommunen samla. På førespurnad frå Vest-Telemark blad opplyser valansvarleg Vivi Eie Smidesang at Vinje kommune er delt i seks valkrinsar: Rauland (954 røysteføre), Arabygdi (79), Øyfjell (269), Edland (505), Vinje (295) og Åmot (871). Medan frammøteprosenten for Vinje kommune samla låg på 67,1%, varierte valdeltakinga ein del. Best var frammøtet på Vinje, der 72,54% av dei røysteføre møtte fram. Dårlegast var valdeltakinga i Edland, der berre 62,77 % stemte.

– I krinsane tel dei berre talet på røystesetlar, ikkje fordelt på parti, forklarar Smidesang.

Korleis teljinga etter valet den 17. september i 1979 blei utført veit me ikkje, men den gongen heldt kommunen seg med i alt 17 røystekrinsar: Møsstrond, Kyrkjebø, Rorge, Libru, Nesland, Aksvik/Rauland, Vaa, Arabygdi, Vågslid, Haukeli/Edland, Grungedal, Vinje/Bøgrend/Smørklepp og Mogane, Våmartveit, Kostveit, Vehus/Tjønnegrend, Mannås/Særen/Tveit og Åmot og Berdal/Nesland.

Somme også utan frammøteprosent

I 1979 hadde også Kviteseid ei rekkje stemmekrinsar: Vråliosen, Straumsnes, Kilen, Fjågesund, Haukom, Moen, Tveitegrend, Lundevall, Dalane, Morgedal, Brunkeberg og Åsgrend. No er talet redusert til tre: Brunkeberg, Vrådal og Kviteseid. Skilnadar på frammøte og partival kjem ikkje fram hjå denne kommunen.

– Kviteseid kommune har ikkje dela røystetalet i valkrinsar, men har det felles for heile kommunen, svarar Tarjei Gjelstad, seniorrådgjevar i avdelinga for samfunnsutvikling og teknisk drift.

Dermed er heller ikkje frammøteprosenten i dei ulike krinsane mogeleg å finne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også i Nissedal blir stemmene for dei fire krinsane talde samla. Treungen hadde 357 røysteføre, Nordbygda 199, Fjone 65 og Felle 52. Valansvarleg Wenche Grønås opplyser at grensa for å telje ein krets åleine er hundre stemmeberettiga.

– Når det er færre enn 100 personar kan ikkje den krinsen teljast åleine. Det er difor av praktiske og pålagte grunnar at me tel sentralt samla og ikkje fordelt på krins, informerer ho.

Alle fyresdølar, som ikkje førehandsrøystar, må koma seg til samfunnshuset for å leggje setelen i urna på valdagen. Annleis i 1977 då Fyresdal var dela i ti valkrinsar: Hauggrend, Veum og Fjellgardane, Kleivgrend, Åslandsgrend, Hegglandsgrend, Fardal–Borggrend–Vik, Breivik, Birtedalen, Kilegrend og Valebjørg, og Kyrkjebygda.

Færre og færre krinsar

Tokke har også berre sentral teljing og kan ikkje ta ut partifordeling per krins. Det opplyser seniorrådgjevar Olav Bjørn Bakken. Men kommunen har telt røyster for kvar krins. Medan den totale valdeltakinga for heile kommunen var på 69,47 prosent, var folket i Mo og Byrte dei «flinkaste» til å møte fram. Der var valdeltaking 72,61 prosent. «Dårlegast» var dei røysteføre på Åmdals Verk, der berre 63,81 prosent av dei 210 røysteføre avgav stemme. Dei andre krinsane i årets val i Tokke var Lårdal, Høydalsmo og Dalen.

Torshaug bedehus: I 2007 var Torshaug bedehus framleis røystestad for Austheii krins.

Ved hudreårsskiftet var det totalt ni røystekrinsar i Tokke, melde Vest-Telemark blad i 2015. I mellomtida hadde Eidsborg, Mo, Austheii og Kyrkjebø blitt borte. For femti år sidan var talet på krinsar monaleg høgare. I 1975 annonserer formann i valstyret i Tokke, Olav K. Tho om røystestader og røystekrinsar. Eik og Håtveit krins, Høydalsmo–Kvål–Hovden–Smørklepp, Gøytil og Omdal, Eidsborg, Byrte, Mo–Åsgrend–Froland–Felland, Dalen–Vistad–Midjås–Skålebygda, Nordbygdi og Kyrkjebø, Åmdals Verk, og Bandak og Eikland.

Slik tel grannekommunane

Så korleis organiserer grannekommunane valet? Drangedal held seg med seks krinsar; Bostrak, Henseid, Kroken, Solberg, Tørdal og Åkre. Totalt vart Arbeidarpartiet valvinnar med 32,2 prosent av røystene. Var det likeeins i alle krinsane? Nei, då. I Tørdal var Senterpartiet valvinnar med 40,9 prosent av røystene. Og dei to som røysta Miljøpartiet dei grøne, kven kunne dei vera, tru?

Også vestanfor tel dei partirøyster krinsvis. I Ullensvang blei Senterpartiet størst med 33,8 prosent av stemmene, med Arbeidarpartiet med sine 33,4 prosent like bak. Ikkje slik på Hauso, der resultatet for Senterpartiet blei 63%, medan berre 13% røysta Arbeidarpartiet. Heilt annleis var det også i Lofthus, der Senterpartiet fekk heile 68% av røystene, medan Arbeidarpartiet enda på fjerdeplass med 6%, etter Industri- og næringspartiet, og Høgre. Ingen, verken innbyggjarar eller valforskarar er vel overraska over at Arbeidarpartiet blei valvinnaren i Odda. Resultatet var 46,5 prosent. Av dei 6026 setlane som blei talde opp hamna 89 i bunken til Miljøpartiet dei grøne. Ingen av desse kom frå valkrinsane i Tyssedal eller Røldal.