Sommartrafikken: Det har vore mange alvorlege ulykker på norske vegar så langt i år. (Illustrasjonsfoto)

–Me må ta meir omsyn til kvarandre når me ferdast i trafikken

Statistikken for alvorlege ulykker og drepne i trafikken så langt i år er dyster lesing. Berre i juni har 16 personar mista livet i trafikken her i landet, mot sju personar i juni i fjor.

Fylkeskommunen, Statens vegvesen, Trygg Trafikk, politiet og utrykkingspolitiet går nå ut med ei felles oppmoding, og uttrykker eit felles ønske for sommartrafikken i Vestfold og Telemark.

– Me må ta meir omsyn til kvarandre når me ferdast i trafikken, for å syte for at trafikken er ein trygg stad å vere for alle saman. Der har alle eit ansvar, seier Henning Ødegaard Johansen, som jobbar med trafikktryggleik i politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tala frå Statistisk sentralbyrå viser at tal på drepne i trafikken har gått nedover dei siste åra. I 2016 omkom 135 personar i trafikken, medan talet gjekk ned til 106 året etter. Både i 2018 og 2019 mista 108 personar livet på norske vegar. I 2020 og 2021 heldt tala fram i rett retning då høvesvis 93 og 80 personar mista livet. I løpet av dei fyrste seks månadane i år har 63 personar mista livet, 16 av dei i juni og 21 i mai. Tala for mai og juni dei to førre åra er mellom 7 og 9.

Ødegaard Johansen seier det er vanskeleg å finne ein tydeleg årsak til at ulykkesstatistikken er høgare i år enn normalt, men at det likevel er visse fellesnemnarar blant ulykkene på norske vegar.

– Det er vaksne menn, det er fylkesvegar, det er 80-soner, det er utforkøyringar og det er møteulykker som er ein gjengangar på dei ulykkene me har. Og det er der me har lyst til å kome med ein tydeleg appell om at nå må den enkelte bilførar vere med og ta det ansvaret for å hjelpe kvarandre slik at me unngår at fleire blir drepne og fleire blir skadd i trafikken, seier han.

Ni av ti som køyrer i rus er menn

Samstundes melder UP (utrykkingspolitiet) at dei i løpet av dei fyrste seks månadane av 2022 har meldt 5 492 personar, mistenkt for køyring i ruspåverka tilstand. Det vil seie at kvar dag har 30 bilførar rundt om i Noreg blåst til raudt.

Om ein samanliknar med same periode i fjor er dette ein auke på nesten 600 meldte. I Sør-Øst politidistrikt er det 879 meldte, mot 780 første halvår i fjor. Saman med Øst-politidistrikt, Innlandet og Oslo, toppar Sør-Øst statistikken.

– Så lenge me veit at politiet ikkje klarer å stanse absolutt alle fyllekøyrarar der ute, må me vere takksame for kvar einaste ein som blir tatt, seier Elisabeth Fjellvang Kristoffersen, generalsekretær i MA – Rusfri Trafikk, i ei pressemelding.

Ni av ti som blir meldt for rus er menn. Det er flest i aldersgruppa 25 - 34 år som er meldt for ruskøyring, deretter følgjer aldersgruppa 35 til 44 år. Dessutan har det vore ein auke i aldersgruppa 55 - 64 år.

– Av erfaring veit me at minst ein av fire dødsulykker skuldast ruspåverka køyring, og det er ingen grunn til å tru at det er annleis i år. Sommarmånadane toppar vanlegvis ulykkesstatistikken, seier Kristoffersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Derfor er det svært viktig at UP nå er godt synleg langs vegane og held fram med å ha fokus på ruskontroll, både for alkohol og narkotika, slik at så mange farlege bilførarar som mogleg blir luka ut av trafikken, legg ho til.

Råd til deg som skal ut i sommartrafikken

Fylkeskommunen, Statens vegvesen, Trygg Trafikk, politiet og UP har samla gode råd til alle som skal ferdast i sommartrafikken:

* Hold fartsgrensa – tilpass farta til forholda

* Unngå aktivitetar i bilen som trekker merksemda bort frå vegen og trafikkbilde

* Rett bruk av bilbelte. Her er det mykje feil bruk. Belte sit ikkje inntil kroppen, seteryggen leggast ned, sovande passasjerar

* Planlegg ruta, så slepp ein distraksjonar ved bruk av navigasjon/kart, diskusjonar og usikkerheit undervegs

* Ta pausar. Det hindrar uro og irritasjon, og sikrar at sjåføren er opplagt og ikkje sovnar.

* Motorsyklistar - motorsyklar blir fort «usynlege» i trafikkbildet – køyr som om ingen ser deg.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Hald køen. Ved tett trafikk ro ned og hald køen – ikkje bli utolmodig – det er ferietid. Er du fyrst – vurder å sleppe forbi dei som er bak.

* Pakking av bil. Tunge ting plasserast lågt og inn mot seteryggen - unngå lause ting i kupéen. Hugs fysisk skilje mellom lasterom og kupé (stasjonsvogn).

* Vegarbeid. Sjølv i ferietida vil ein møte vegarbeidsområde – ro ned farta og respekter reguleringa på staden.