Opnar samfunnet att: Finn-Arild Bystrøm og Kine Jordbakke.

– Me er så godt førebudd me kan vera

Formannskapet i Seljord vedtok i dag å avslutte den lokale forskrifta.

Den siste veka har det vore karantenepåbod for dei som kjem frå Oslo og Viken, minus Kongsberg. I dag fylgde formannskapet signala frå møtet sist fredag og avslutta den lokale forskrifta.

Kommuneoverlege Kine Jordbakke sa kommunen er rigga til å ta imot smitte.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me må forvente smitte i Seljord nå, sa Jordbakke.

Peter Fjågesund (MDG) lura på kor mange smittetilfelle som måtte til i kommunen, før det igjen kan bli aktuelt med ei lokal forskrift.

– Det er nesten umogleg å svare på. Får me smitte på Nesbukti kan situasjonen sjå annleis ut, sa Jordbakke, og la til at det også var eit press frå Fylkesmannen om ikkje å ha lokale forskrifter.

Ho minna om at det no kan bli ein slitasje på dei kommunalt tilsette.

– Det er krevjande å stå i denne situasjonen, mange lurar på kor lenge ein må jobbe på denne måten. Det er ein ny og annleis situasjon, sa Jordbakke som nytta høvet til å dele ut ros.

– Det blir lagt ned ein utruleg god innsats, sa Jordbakke, som såg dette godt då ho besøkte barnehagane i går.

Ordførar Beate Marie Dahl Eide (Sp) sa at kommunen gjennom dei lokale forskriftene har kjøpt seg tid til å vera rusta når smitten kjem til Seljord.

– Me er så godt førebudde som me kan vera, sa ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei lokale forskriftene har hindra smitte lokalt, men alt til si tid. Smitte kan me ikkje gardere oss mot, men tilgangen til smittevernutstyr er heilt avgjerande. Me kan ikkje utsette dei tilsette for unødvendig risiko, sa Eide, og la til at det kan bli aktuelt med ei ny lokal forskrift seinare.

– Ingen ting er hogge i stein. Me veit lite kva som skjer framover, sa ho.