Line i vandrehallen på Stortinget.

Line på tinget: – Oi, det er kjøtkaker i dag!

VTB har besøkt Line Marlene Haugen på Stortinget. Ho slit med både retningssans og kleskodar i hovudstaden, men trivast svært godt med partikollegaer som Simen Velle og Bård Hoksrud. 

Publisert Sist oppdatert

– Eg er jo litt som ein forvirra sau her.

Ja, det er hennar ord. Men etter å ha fylgd Line Marlene Haugen (30) ein dag på Stortinget, kan me til ein viss grad forstå referansen. Det er ikkje så lett å finne fram i alle bygga, via trapper, heisar, gangar og tunnelar.

– Hørr æ me nå? kjem stadig i «repeat» frå edlandsjenta. Og så ler ho.

Sjå video lenger ned i saka.

På veg til kontoret hennar går statsministeren forbi med eit koppel av folk. Det er ikkje like mange rundt Line til ei kvar tid, men det er sanneleg ikkje få Frp-arar i fjerde etasje, der partiet flytta inn med heile 47 representantar i haust. 

– Hei, har du ein god dag?

Simen Velle står i døra og lurar på om alt er bra med kollega Line. Dei pratar om utfordringar med vald, truslar og uro i skulen, og eit svar frå statsministeren i spørjetimen som dei ikkje er fornøgde med.

– Simen er stadig innom. Han er ein slik type som bryr seg, seier Line.

Ho fortel at det er mange som er gode til å bry seg i Frp-etasjen, og at dei unge bortover gangen «huvar» til kvarandre.

– Folk er veldig hyggelege. Og så er me alle svoltne på politisk endring.

Line har fått «kjeft» for å vise rocketeikn på bilete. – Dei seier det tyder satan-musikk. Men for meg symboliserer det rock. Rock on, seier ho. Her saman med partikollega Simen Velle.

God aften Deres Kongelige Høyhet

Line, opphavleg frå Edland men busett på Notodden, var 2.-kandidat for Telemark Frp i stortingsvalet 2025. På valkvelden framstod ho nesten litt apatisk i media då det blei klart at ho fekk plass på Stortinget.

– Bård (Hoksrud, red.merk.) sa at eg verka upåverka og kald, men eg var jo berre overvelda. Alt eksploderte liksom, og eg tenkte «høtt skjer nå»? Det var først natta etter at det gjekk ordentleg opp for meg. 

Nå har ho vore i gjennom både høgtideleg opning av Stortinget og slottsmiddag for alle stortingsrepresentane. Når det kjem til oppgradering av garderoben, som ho har skjøna må til når ein sit på tinget, er ho ikkje heilt i mål endå.

– Eg gjekk i bunad då Stortinget opna, så då kunne eg ikkje bruke den til slottsmiddagen. Men handling tek så mykje tid, og er så dyrt. Skippertak pleier å fungere greitt for meg. Dagen før slottsmiddagen fann eg – etter mykje leiting – kjole og sko, men kjolen var altfor lang. Då tok Bård ein telefonrunde på Stortinget og fann ei dame som kunne sy. Men ho tok ikkje sjansen på å rekke det same dag, og tok turen til ein skreddar. 

Klokka tre var kjolen ferdig. Klokka åtte starta slottsmiddagen. Line fortel at dei skulle møte på slottet klokka 19.30.

– Nei, sa Bård. Han meinte at dørene opna klokka åtte. Det var feil. Me var dei siste som gjekk inn før statsministeren, seier Line, og slepp ut ein forsiktig latter.

Line og Bård er gode kollegaer på Stortinget. – Me ler og tullar mykje, og det set eg stor pris på, seier Line.

Vel inne på slottet kviskra Bård at ho måtte hugse å titulere kongefamilien rett. 

– Då byrja eg å sveitte, for det hadde eg ikkje rokke å øve på. Det er slik at ein skal seie «god aften Deres Majestet» til kongen og dronninga og «god aften Deres Kongelige Høyhet» til kronprinsen. Til prinsesse Astrid skal ein seie «god aften prinsesse Astrid». Det er i det heile tatt veldig unaturleg å seie «god aften» når ein kjem frå Vinje.

I tillegg til å seie det som er rett, skal ein også bukke eller neie. Det gjekk bra med kongen. Men så;

– Då eg kom til dronninga fekk eg berre sagt «god aften». Og då eg kom til kronprinsen hadde eg surra handa mi fast inni sjalet til kjolen. Er det mogleg? Eg rota fælt med å få ho ut. Kronprinsen rakk å ta handa si inn at, stod berre og smilte, og eg var altså så stressa. Etter å ha dumma meg slik ut, klarte eg ikkje hugse at det var prinsesse Astrid som sat i rullestol ved sida av kronprinsen. Men ho stakk handa si ut og helsa på meg. Og eg – ja, eg var sveitt og klein under heile middagen.

Det er mange andletsuttrykk og mykje latter rundt Frp sin stortingsrepresentant frå Vest-Telemark.

Alt skjer på ein gong

– Oooiii. Det er kjøttkaker i dag.

Me går forbi stortingskantina, og Line sperrar augo opp over dagens middag.

– Gje meg heller husmannskost enn ein slik fancy trerettarsmiddag, seier ho.

Ja, for sjølv om ho trivast på tinget, så er Line frå bygda, ikkje frå storbyen.

– Eg er glad i å oppleve nye ting, men er ikkje byjente. Det er så tungvint å koma seg rundt her. Når ein til dømes skal handle inn ting til pendlarleilegheita; skal ein då liksom drasse rundt med eit tørkestativ under armen? Det blir jo berre rart når ein ikkje kan bruke bil. På Notodden hadde eg køyrd til Tuven og parkera rett utanfor butikken. Her inne gjekk det nesten tre veker før eg fekk ordna meg ei steikepanne.

Med dei to hundane Coco og Zorro går det over all forventning fortel ho. Men fordi ei eldre dame krasja i bilen hennar, på ein aude skogsveg på Notodden, har ho leigebil akkurat nå.

– Ja, alt skjer jo på ein gong. Med leigebil blei det tungvint med to store hundar, så den eine, som har hatt løpetid, måtte bli med heim til mamma i Vinje ein periode. 

Line er mykje på farta, og saman med Bård har ho blant anna besøkt alle lokallag i Telemark som har bedt dei på besøk i haust. 

– For meg er det viktigast å ha kontakt med heimfylket. Me treng å vete kva som rører seg der heime og er heilt avhengige av å få beskjed. 

Me snakkar litt om budsjettprosess og ho smyg inn litt reklame for Frp; valfridom.

– Me har fått mange budsjett-innspel frå Telemark, og er ikkje ferdige endå. 

Ho seier at nytt pumpekraftverk, skule og oppvekstvilkår er Vest-Telemark-saker som engasjerer ho litt ekstra akkurat nå.

– Me må løfte skulen meir inn i dei nasjonale debattane. Og så må me gjere noko med barnevernet, det tappar jo kommunane heilt. Eg er også veldig glad for at me har Bård i transportkomiteen, for me har store utfordringar med vegane.

Og Bård, ja, han er storfornøgd med sin nye kollega frå Vest-Telemark.

– Ho har det unge engasjementet og «spiriten». Og så blir eg ofte utfordra. Line er ein fantastisk kollega.

Line sit nå i Utdannings- og forskingskomiteen. Bård leier transport- og kommunikasjonskomiteen.

Line sit i Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, og i Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentariske forsamling. 

– Det blir visst litt reising. Eg har ikkje heilt funne ut korleis eg skal gjere det med hundane, men sjekkar ut eit pensjonat. 

– Eg ønsker framgang

Line stod fram med ADHD-diagnose i eit intervju med VTB før valet. 

– Det passar meg veldig bra å vere her nå. Det er så mange moglegheiter, og blir ikkje kjedeleg. Plutseleg må eg snu meg rundt.

– Kva er det beste med jobben så langt?

– Å sjå korleis systemet fungerer, og korleis ein jobbar på høgste nivå. Og dessutan alle folka ein får møte.

– Og det verste?

– Mediepresset. Ein blir nesten målt på kor dagsaktuell ein er. Og så kan eg kjenne på byråkratiet. Komitear, høyringar, framdriftsplanar. Eg har sjølv sitte som rektor og svara på høyring. Eg ønsker framgang, og dei demokratiske prosessane, som er viktige, går litt for seint. 

– Kven er den kulaste på tinget?

– Bård. Han er så hyggeleg med alle, og veldig positiv og behjelpeleg. Og så har me det moro saman.

– Er det nokon her du ikkje vil ta heis med?

– Eg vil helst ikkje ta heis med nokon som synest heis er like trykkande og kleint som meg. Eg taklar dårleg pinleg stille. 

På veg gjennom stortingsgangane.

– Saknar du skulen?

– Ja, eg saknar elevar og kollegaer. Eg har vore innom skulen i Gransherad. Og eg har ikkje rydda ut av kontoret endå.

Line må gå til eit møte, men treng snus. 

– Bård; sei for all del til dei andre at eg kjem seint fordi eg må følgje journalisten ut.

Det er strenge reglar for besøkande til Stortinget. Journalistar kan ikkje vandre rundt utan spesialtillatelse. 

– Men så treng eg jo verkeleg ny snus, blunkar Line, og følgjer oss heilt ut og ned til ein kiosk på Karl Johan.

15 kjappe spørsmål

  1. Kjole eller bukse? Bukse.
  2. Godteri eller grønsaker? Godteri.
  3. Kaffe på Dalen hotell eller Cappucino på Aker brygge? Cappucino. Men berre fordi det er cappucino.
  4. Bålkos eller kafé? Bålkos.
  5. Joggetur eller gåtur? Gåtur.
  6. Skog eller bygater? Skog.
  7. Taco eller sushi? Taco sjølvsagt. 
  8. Dialekt eller Oslo-mål? Dialekt.
  9. Dyrsku´n eller konsert i Oslo Spektrum? Dyrsku´n.
  10. Naboprat på butikken eller anonymitet i Oslo? Naboprat. 
  11. Kvit vinter eller grøn vår? Kvit vinter.
  12. Bok eller film? Bok.
  13. Simen Velle eller Bård Hoksrud? Hoksrud.
  14. Jens Stoltenberg eller Peter Frølich? Frølich.
  15. Komitémøte klokka åtte eller mjølkekyr klokka seks? Komitémøte.
Powered by Labrador CMS