Leiteaksjon: Mannen er funnen i live av redningshelikopter

Klokka 23.29 melder politiet at mannen i 70-åra som har vore sakna sidan i føremiddag, var funnen av eit redningshelikopter.

Telemark Røde kors hjelpekorps melde klokka 23.36 at aksjonen var avslutta og at dei hadde deltatt med eit mannskap på 17 frå Vinje og Haukeli, og Rjukan og Tinn i leiteaksjonen ved Gunleiksbutangen i Kvennedalen.

Klokka 20.47 melde politiet at leiteaksjonen pågår for fullt. Hundar, frivillige og politi blei flogne inn til hytta på Hardangervidda med helikopter.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er meldt om gode søkeforhold og fint vêr i område, oppdaterer politiet.

Ikkje sett sidan klokka 12

Politiet melde om leiteaksjonen klokka 17.21 måndag.

Mannen som er dement, er i slutten av 70-åra og har kome bort frå hytta. Han har ikkje blitt sett sidan klokka 12 måndag føremiddag. Mannen er grønkledd og skal vera i god form.