Toppleiarar i politiet meiner nærpolitireforma har gitt større avstand mellom toppleiinga i politiet og omgivnadane, viser ein ny forskingsrapport. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK

Leiarar i politiet meiner politiet har blitt meir sentralisert

Toppleiarar i politiet meiner nærpolitireforma har gitt større avstand mellom toppleiinga i politiet og omgivnadane.

Det viser ein forskingsrapport gjennomført ved Politihøgskolen.

Rapporten viser at polititoppane meiner politiet har blitt meir sentralisert, og at avstanden mellom politiet ved toppleiaren og omgivnadene og relevante samarbeidspartnarar har auka, skriv Nationen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I politireforma frå 2016 gjekk politiet frå 27 til 12 distrikt i Noreg, noko som gjorde at fleire lensmannskontor vart nedlagde.

Rune Glomseth, som står bak rapporten, meiner utviklinga er urovekkjande.

– Eg blir ikkje overraska over at det skjer, for distrikta har blitt større geografisk og det har blitt mange fleire tilsette, og ganske mange lag med leiarar. Eg trur det er ein naturleg konsekvens av den nye strukturen, men eg stiller spørsmål om det er heldig at toppleiinga blir såpass fjern. Det er både gode og dårlege sider ved det, seier han til Politiforum.

I rapporten har 16 toppleiarar, leiarar av politiet sine ulike særorgan, tidlegare og noverande politidirektørar og tidlegare riksadvokat blitt intervjua.

(©NPK)