Kviteseid sentrum: Kviteseid sentrum sett frå Ågapet

Kviteseid berre bak Kragerø i Telemark

I ti norske kommunar har folk frå andre fylke stått for ni av ti kredittkortbetalingar i sommar. Kragerø og Kviteseid kommunar ligg på topp i gamle Telemark fylke, med flest turistbesøk som har nytta kort til å betale med.

I sommar har dei fleste nordmenn feriert i eige land, noko som har ført til rekordar for delar av turistnæringa.

Dagens Næringsliv (DN) skriv at då Noreg blei stengt ned i midten av mars fall nordmenns kortbruk på reiselivsnæringa med 90 prosent, ifylgje tal frå DNB.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tala frå DNB viser kva kommunar som har vore mest avhengige av norske turistar i sommar. Nokre stader står personar som kjem frå ein annan stad enn kommunen sin for over 90 prosent av kortbruken der. Det er Stranda kommune i Møre og Romsdal som har den største delen turistbetalingar. Der står turistane for heile 95 prosent av all kortbruk. Kommunar som Lom, Aurland, Vang og Alvdal har også ein del på godt over 90 prosent, skriv DN.

Av kommunane i gamle Telemark fylke ligg Kragerø på topp med 88 prosent ikkje-lokal kortbruk, bak kjem Kviteseid med 80 prosent. Oversikta viser kor stor del av totalomsetninga i kommunen som blir generert av turistar frå eit anna fylke i veke 27—31 (kredittkortbasert), som normalt ligg ganske likt generell debitkortbruk. Utlendingar er ikkje inkludert i statistikken.