Vinterferie: Marianne Opsund (62), Brunkeberg.

Kva har du gjort i vinterferien?

– Kva har du gjort i vinterferien?

– Arbeid eller ferie denne veka?

Marianne Opsund (62), Brunkeberg

– Eg har fått besøk av barnebarn som overnatta, og me hadde filmkveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg arbeidde tidlegare i vinterferien. No har eg stort sett fri og puslar heime.

Vinterferie: Daiva Gutauskiene (52), Rauland.

Daiva Gutauskiene (52), Rauland

– Eg har kost meg med god mat.

– Blir arbeid heile denne veka.

Vinterferie: Wencke Stange (45), Vinje.

Wencke Stange (45), Vinje

– Har ikkje gjort noko særskilt. Vinterferien betyr stort sett kvardag for meg.

– Det blir stort sett å arbeide, men eg har hatt nokre få dagar fri.

Vinterferie: Per Andersen (80), Oslo.

Per Andersen (80), Oslo

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har blitt til at eg har vore ute i snøen og vasa med barnebarna mine og ein tur til Hovden Badeland & Spa.

– Eg tar det med ro sidan eg er pensjonist på hytta med barnebarna. Hytta er eg på omtrent halve året og den ligg i Smørklepp her i Vinje.

Vinterferie: Kari Heimdal (11) frå Dalen.

Kari Heimdal (11) frå Dalen.

– Eg har vore mykje på Hallbjønnsekken på slalåmski. Det er veldig godt med vinterferie, den gler eg meg til kvart år. Å ha fri frå skulen er det beste med vinterferien.