Kronprinsesse Mette-Marit og kronprins Haakon fyller begge 50 år til sommaren.Foto: Lise Åserud / NTB / NPK

Kronprinsparet har planen klar for 50-årsfeiring. Dei dreg ut på fem reiser i Noreg. Ei av reisene går til Vest-Telemark

Kronprinsparet har planen klar for feiringa av 50-årsdagane sine: Dei dreg ut på fem reiser i Noreg og lagar ein bakgardsfest på Slottet.

Kronprins Haakon har bursdag 20. juli og kronprinsessa 19. august.

– Sommaren 2023 fyller kronprinsen og kronprinsessa begge 50 år. Det ønskjer dei å markere ved å løfte fram noko av det dei set aller størst pris på i Noreg, opplyser kongehuset.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei neste månadene skal dei besøkje Stord (februar), Setesdal og Telemark (mars), Finnmark (april), Træna (mai) og Oslo (juni).

– Dei fem reisene vil til saman bli ei forteljing om ulike delar av samfunnet vårt – om både det gamle og nye Noreg, om kven vi er og om kva som har forma oss som folk, skriv Slottet.

Fest i bakgarden på Slottet

Til slutt inviterer kronprinsparet gjester frå heile landet til felles bursdagsfeiring på Slottet. Festen finn stad 25. august – på bryllaupsdagen til kronprinsparet.

– Gjester frå heile Noreg blir inviterte. Saman med menneske frå heile landet ønskjer kronprinsparet å bruke høvet til å feire det Noreg vi saman har bidrege til å skape gjennom desse 50 åra.

Då kronprinsparet fylte 40 år, arrangerte dei også ei felles feiring. Den gong heldt dei ein storstilt musikkfestival på Skaugum med 220 gjester frå inn- og utland, som alle budde i telt.

Fleire tema

Under reisene rundt i landet ønskjer kronprinsparet å løfte fram ulike tema.

På Stord skal kronprinsen besøkje Aker Solution Stord, eit av dei største og eldste verfta i Noreg. Temaet er industrisamfunn.

– Kronprinsen møter tilsette ved verftet, og høyrer om korleis det er å leve i ein liten by med ei stor hjørnesteinsbedrift.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Telemark er bakteppet for besøket «handverk og tradisjon». Dei besøkjer Raulandsakademiet og ulike lokalsamfunn der næringsutviklinga blir ramma inn av natur og historie.

NRK skriv at det blir eit personleg gjensyn for kronprinsessa. Ho har sjølv deltatt på kurs på Akademiet for å lære om veving. Kronprinsesse Mette-Marit har i fleire år hatt eit sterkt engasjement for veving og har sjølv lært seg handverket – og har mellom anna vove eit teppe i jolegåve til svigermor dronning Sonja.

– Kronprinsparet opplever også eit musikkprogram med Setesdals UNESCO-bevarte musikkarv, opplyser slottet.

Samisk arv, urbant og kystkultur

Under besøket i Finnmark ønskjer kronprinsparet å få ei endå djupare forståing for, og bidra til å formidle vidare samisk historie og kultur.

– Dei ønskjer å bidra til å løfte det samiske som del av det nasjonale arvesølvet vårt, opplyser Slottet.

I Træna er temaet hav- og kystkultur.

– Kronprinsparet – og kongefamilien gjennom fleire generasjonar – har alltid hatt eit nært forhold til havet. Kronprinsparet dreg til Træna, eitt av dei eldste fiskeværa i landet – til spektakulær natur og besøk hos fiskerinæringa, heiter det.

Til slutt blir det urban stemning i Oslo, der kronprinsparet skal møte fleire Oslo-forfattarar og dra gjennom byen for å vise noko av byen og livet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kronprinsparet møter også delar av musikklivet i byen, og ungdom som drøymer om å skape musikk og scenekunst på høgt nivå, opplyser Slottet.

(©NPK)