Køyrde av vegen med 2,04 i promille. Nå må sjåføren i fengsel

Ein mann frå Vest-Telemark vart tidlegare i desember dømt til tretti dagar i fengsel.

Mannen, som er i førtiåra, tilstod då han møtte i Telemark tingrett i Kviteseid tidlegare i desember.

Litt før midnatt ein måndag i august køyrde mannen bil. Blodprøva som vart tatt eit par timar seinare viste ein alkoholkonsentrasjon på 2,04 promille. Køyreturen enda med eit trafikkuhell med store materielle skadar, etter at bilen fyrst kryssa motgåande køyrefelt og deretter køyrde ut av vegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Påtalemynda meiner dei allmenne omsyna tilseier ein streng reaksjon, og peikar då mot at mannen hadde ein monaleg promille og køyreturen enda med eit trafikkuhell. Dei legg også vekt på at mannen er tidlegare straffa for køyring i påverka tilstand, sjølv om denne hendinga ligg mange år tilbake i tid.

Retten meiner køyreturen utgjorde fare både for sjåføren sjølv, men også for andre trafikantar. Dei påpeikar at det i tillegg til høg promille også var mørkt, og at turen enda med eit trafikkuhell. Ifølge retten er det ingen særskilde formildande tilhøve. Derimot er det sterke allmennpreventive omsyn, meiner retten, då ruskøyring er eit betydeleg samfunnsproblem.

Vesttelen vart dømt til tretti dagar i fengsel. Han mistar også førarretten i to år og seks månadar, og må ta full ny førarprøve om han då vil ha førarkortet tilbake. I tillegg må han betale ei bot på ti tusen kroner.