Bilkortesje : Rekkja med bilar som køyrde frå Bø til Kviteseid til minne om Gunnar Kleiv Waal bukta seg nedover mot brygga i Kviteseid.

Køyrde i kortesje til minne om Gunnar

I underkant av 100 bilar køyrde frå Bø til Kviteseid til ære for venen som omkom i brannen i Kviteseid førre helg.

Målet for kortesjen var kaia i Kviteseid, der det blei lagt ned kransar og blomar og sett ut flytande lys.

Skulle flytte heim

Gunnar Kleiv Waal (32) som omkom i husbrann i Kviteseid førre helg, var høgt verdsett av vener og kjende. Ved sida av sonen og kjærasten, var det bil og friluftsliv, og då spesielt vatn og fiske, det som engasjerte han.

Artikkelen held fram under annonsen.

I invitasjonen blei det oppfordra til å ha på caps og flipp-floppar til minne om den unge mannen, som var i ferd med å flytte heim til Kviteseid og etablere seg der saman med sambuaren.

Trossa regnet

Rundt 150 menneske samla seg på grasbakken ned mot Kviteseidvatnet denne fredagskvelden, då toreveret slo til og regnet pøsa ned. Det hindra ikkje dei frammøtte i å legge ut blomane sine og ta farvel.

Familien opplyser at Gunnar Kleiv Waal vil bli bisett i Kviteseid kyrkje, onsdag 26. juli, klokka 11.

Les også
Gunnar (32) omkom i brannen