Kommunar og fylkeskommunar som ønskjer å oppløyse tvangssamanslåingar må søkje innan 1. mars neste år. På biletet er kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Kortare frist for kommunar og fylke som vil løysast opp

Kommunar og fylkeskommunar som ønskjer å løyse opp tvangssamanslåingar må søkje innan 1. mars neste år, opplyser regjeringa.

Regjeringa vil leggje til rette for å dele tvangssamanslåtte kommunar og fylkeskommunar som gjer vedtak i fylkesting eller kommunestyre.

Fristen for å søkje er sett til 1. mars 2022. Dermed har regjeringa korta inn fristen frå det som kom fram i Hurdalsplattforma. Der var fristen sett til 1. juli.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er ein veldig knapp tidsfrist for dei kommunane og fylkeskommunane som ønskjer ei deling. Ein så kort frist er nødvendig for å sikre vala til eventuelle nye kommunar og fylkeskommunar ved kommune- og fylkestingsvalet hausten 2023, seier kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

Det er opp til kommunestyra og fylkestinga å avgjere om dei vil sende søknad om deling til departementet.

Det er Stortinget som må gjere vedtak om å dele opp fylke, medan regjeringa kan vedta å dele kommunar som sender søknad frå kommunestyret. Den 1. januar 2024 er det tidlegast moglege tidspunktet nye kommunar og fylkeskommunar kan tre i kraft.

(©NPK)