Kommuneoverlegen trur smittetoppen i Seljord kan kome i starten av 2021

Samfunnet blir no gradvis opna opp. Det betyr ikkje at koronaviruset er på veg tilbake. Tvert om.

– Nå skal me ha meir smitte i samfunnet, forklarar kommuneoverlege Kine Jordbakke i Seljord om at Noreg no gradvis opnar opp.

12. mars blei det meste stengt ned i landet. Den siste tida ser ein resultatet av dei strenge restriksjonane ved at kurvane går nedover. Det er færre lagt inn på sjukehus og færre på respirator.

Artikkelen held fram under annonsen.

Noreg var i mars ikkje klare til å handtere eit stort koronautbrot i landet. Nå har helsevesenet rundt om i landet bruka halvannan månad på å ruste seg.

Langt perspektiv: Kommuneoverlege Kine Jordbakke seier me må vera budde på at det er no smitta kjem. Og at ein topp ikkje kjem før tidleg neste år.

– Me kunne fått tilstandar som me har sett andre stadar i Europa, seier kommuneoverlege Jordbakke om kva som hadde skjedd om det ikkje hadde blitt innført strenge restriksjonar.

– Me er i starten

Ho seier dei har arbeidd godt i Seljord og at dei no er klare til å handtere smitte i samfunnet. I dag (torsdag) opna barnehagane i kommunen. Til veka opnar skulane. Også legekontoret vil endre turnusen ved at fleire legar vil arbeide på dagtid, medan det blir ordinær legevakt på kveld. Men at samfunnet opnar opp, betyr ikkje at koronaviruset er på veg tilbake.

– Nokon trur me er i sluttfasen av koronapandemien. Det er feil. Me er berre i starten, er meldinga frå kommuneoverlegen.

Prognosane for Helse Sør Aust viser dette klart. Det blir spådd ein smittetopp i helseregionen i november i år. Seljord og Vest-Telemark er «på halen» av utviklinga i Sør-aust.

Prognose: Den blå kurven viser det som har vore. Den oransje kva som truleg vil skje. Ein smittetopp i Helse Sør-aust er venta i november. I Seljord er toppen venta eit par månader seinare.

– Om prognosane slår til vil smittetoppen i Seljord kome i starten av 2021. Mange kjem til å bli sjuke, nokon alvorleg sjuke. Eg er heilt sikker på at me får bruk for alt me har rigga, seier Jordbakke.

– Me må vera flinke med tiltak veldig lenge, er den klare meldinga frå kommuneoverlegen, og viser til råda om god handhygiene, ikkje ta seg i andletet, god hoste- og nysehygiene, halde avstand, vera heime når ein er sjuk, og elles fylgje råda frå lokale og nasjonale styresmakter.

Ein kan ikkje stenge ned eit samfunn i eit år. Derfor ynskjer styresmaktene nå kontrollert smittespreiing. Jordbakke er trygg på at dei i Seljord er rusta når smittetoppen kjem. Mellom anna er det etablert ei korttidsavdeling på Nesbukti, og Heddeli er bygd om til isolat for inntil sju personar. Personell får opplæring og øver på å handtere smitta seljordingar. Isolatet er eit interkommunalt samarbeid med Kviteseid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den største utfordringa for oss er at me kan kome til å mangle helsepersonell dersom nokon blir sjuke eller hamnar i karantene. Derfor er det så viktig med godt smittevernutstyr, seier ho.

Karantene

Kine Jordbakke minner om at det framleis er lokalt karantenepåbod for dei som kjem frå Oslo og Viken, minus Kongsberg. Kjem du frå desse områda må du i 14 dagar heimekarantene.

Du må også i karantene om du kjem frå utlandet, eller dersom du blir definert til å ha hatt nærkontakt til ein som har fått påvist Covid-19.

– Det betyr at du må halde deg heime og ikkje gjera anna enn nødvendige ærend. Du skal ikkje på skule eller jobb. Du kan gå tur, men må halde god avstand, seier ho.

– Det er viktig at folk fylgjer desse reglane, understrekar Jordbakke.

Saknar pasientane

Jordbakke har snart 16 år bak seg som fastlege i Seljord. Mange av pasientane har ho kjent like lenge. Etter at koronaviruset kom har kommuneoverlegen hatt fullt fokus på å førebu det lokale helsevesenet til å vera klare.

– Eg saknar pasientane mine veldig, seier ho.

Ikkje over: – Om prognosane slår til vil smittetoppen i Seljord kome i starten av 2021. Mange kjem til å bli sjuke, nokon alvorleg sjuke, seier kommuneoverlege Kine Jordbakke.

– Nokon spør kva eg gjer, sidan det ikkje er påvist noko smitte i Seljord. Men det er mykje planlegging, rigging av helsevesenet, halde seg oppdatert på nye reglar og så vidare. No har me kome i ein fase der ein kan planlegge i eit litt lenger perspektiv, legg ho til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho understrekar at pasientane hennar ikkje skal lide av at ho no ikkje har kontakt med dei, og seier pasientane er delte på dei andre legane på legekontoret. Det blir fortløpande vurdert om det er behov for å leige inn vikar.

Jordbakke understrekar bodskapen om at folk ikkje må nøle med å ta kontakt med legekontoret. Sjølv om det er annleis tider med stort fokus på koronasituasjonen, blir folk framleis sjuke. Om ein har symptom som ein vanlegvis ville kontakta legen for, skal ein ta kontakt.

– Det kan bli på video i staden for oppmøte, men me legg også opp til at det også er mogleg å kome på legekontoret. Då er det reglar som at det ikkje kan vera fleire enn fem på venterommet på ein gong, forklarar Jordbakke.