Blid SV-benk: I fjor fekk Kari Omdal Tveito (f.v.), Baiba Sheine og Nils Johan Svalastog Garnes i SV gjennomslag for gratis SFO til alle 1. klassingane.

Knapt fleirtal for gratis SFO til 2. klassingar i Vinje

I fjor fekk SV med seg fleirtalet på å tilby gratis SFO til fyrsteklassingar. Ordninga kom i gang i samband med skulestart denne hausten, og no føreslår dei at ordninga blir utvida til å omfatte også andreklassingane.

Formannskapet handsama budsjettet for 2023 den 24. november, og var heilt einige i det meste rådmannen føreslo. Unntaket var låneopptak, som formannskapet ikkje ville ha noko av.

Det var også fleire som hadde tilleggsforslag, og dei aller fleste av desse vart einstemmig vedtatt, til dømes å framskunde ny lastebil til teknisk, å gje innbyggjarane i kommunen eit tilskott på 5000 kroner i januar, og å halvere alle gebyr i kulturskulen frå og med 1.1.2023.

Artikkelen held fram under annonsen.

Berre eitt tilleggsforslag var det usemje om, og det var forslaget frå Kari Omdal Tveito (SV) om gratis SFO for andreklassingar. Forslaget blei vedtatt med knappast mogleg fleirtal – 4 stemte for og 3 mot Tveito sitt forslag på formannskapsmøtet. Utvidinga av gratistilbodet vil koste 500 000 kroner.

Kommunestyret handsamar budsjettet den 15. desember.