Kjempar for skulen
Tysdag var elevar frå Seljord folkehøgskule i Oslo og demonstrerte mot kutt i støtte til folkehøgskulane.
– Det er demonstrasjonar fleire stader i landet i dag.
Det fortel rektor på Seljord folkehøgskule, Kristine Rønning. Tysdag er elevar frå skulen i Oslo for å demonstrere framfor Stortinget.
Elevane demonstrerer mot regjeringas føreslåtte kutt i støtta til folkehøgskulane. I tillegg til forslaget om å redusere stipendandelen for elevane frå 40 til 15 prosent, har regjeringa også føreslått å endre tilskotsmodellen slik at folkehøgskular som har under 80 elevar vil få endå mindre støtte.
– Dette er veldig dramatisk for Seljord folkehøgskule, seier ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen.
Same dag som elevane frå Seljord demonstrerer i Oslo, skal ordføraren ha haustmøte med Telemarksbenken i hovudstaden.
– Eg skal formidle til benken kva kuttet vil bety for Seljord folkehøgskule, seier ho.
Me må ha trua
– Det er veldig fint å vere her, og stemninga er god. Me har fått oss vener frå andre skular, og kjempar for ei felles sak.
Det seier Unni Glomnes (18) frå Gjerdrum, som er elev og elevrådsleiar ved Seljord folkehøgskule. Ho har vore oppe heile natta og laga plakatar til demonstrasjonen, og på plakaten hennar står det: Nå maler vi med rød. Hva har folkehøgskole gjort for å fortjene å dø? Me snakkar med henne på telefon frå Oslo.
– Det er sterke ord på ein plakat?
– Eg står inne for det sjølv om det er sett litt på spissen, seier Glomnes.
Ho fortel at fleire politikarar har vore ute og tala til dei frå scena, og at Vedum er neste på scena.
– Eg håper inderleg at dette hjelper. Det funka jo i fjor, så kvifor skal det ikkje funke i år? Me må ha trua, og så håper eg dette snart kan vere ei permanent støtte, og ikkje noko ein må kjempe for kvart år. Det er veldig kjipt viss dette ikkje går gjennom.
Det siste skulen treng
– Eg håpar verkeleg at Telemarksbenken tar dette med seg til sine respektive parti, seier ordførar Sundbø Abrahamsen, om bodskapen hennar om folkehøgskulen.
Ho peiker på at elevtalet ved Seljord folkehøgskule har gått ned dei siste åra, at kampen om elevane er stor, og at det difor er viktig at rammevilkåra ikkje blir dårlegare.
– Eit kutt i støtta er det siste skulen treng.
Ordføraren fortel at ho stadig møter elevar frå skulen, at dei bidreg positivt i lokalsamfunnet og er kjempeviktige for Seljord. Ho håper kuttet ikkje blir realitet.
– Me klarte å snu det i førre budsjett. No må me bare spreie bodskapen.
– Kva tenker du om at elevane demonstrerer i Oslo i dag?
– Det er bra at dei bruker Eidsvolls plass slik ein skal kunne gjere når ein ønsker å seie ifrå, seier Sundbø Abrahamsen.
Elevinitiativ
– Det er ekstra fint at dette er eit elevstyrt arrangement, og at initiativet kjem frå elevane sjølve, seier rektor Rønning.
Ho fortel at det var Sund folkehøgskule i Trøndelag som tok initiativet til å demonstrere, og at elevråd på fleire folkehøgskular raskt bestemte seg for å bli med. Tysdag er det demonstrasjonar i Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim.
Saman med rektorar frå Grenland folkehøgskole og Sagavoll folkehøgskole i Telemark skal Seljord-rektoren ha møte med Telemarksbenken torsdag.
– Eg har vore i kontakt med fylkesordførar Terje Riis-Johansen og er i kontakt med lokale politikarar og LO. Det er mange som ønsker å seie noko om dette, seier Rønning.