Trygt og godt: Jarand Felland (Sp) (på talarstolen) ønsker å slå saman to av hovudutvala i Tokke, men det var det ikkje fleirtal for i kommunestyret.

Dette er ein debatt dei har hatt fleire gonger, men dei endar alltid opp med det same. – Det er jo trygt og godt

Tokke er den einaste kommunen i Vest-Telemark som har tre hovudutval, og fleirtalet i kommunestyret ønsker å halde fram med dagens organisering.

Kommunedirektøren har presentert ulike modellar for politikarane, som å slå saman dei to utvala oppvekst, kultur og idrett (OKI) og helse og sosialutval (HSU), men behalde landbruk, miljø og teknisk (LMT).

Men kommunedirektøren rådde politikarane til å legge ned landbruk, miljø og teknisk (LMT) og overføre desse sakene til formannskapet, og slå saman dei to utvala oppvekst, kultur og idrett (OKI) og helse og sosialutval (HSU).

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var det ikkje stemning for blant dei folkevalde. Då saka var oppe i dei ulike utvala vart det fleirtal for å behalde dagens struktur. Men i formannskapet vart det fleirtal for å slå saman OKI og HSU, men behalde LMT.

Les også
Vil slanke i utvala – politikarane er splitta

Ordførar Jarand Felland (Sp) er ein av dei som har tatt til orde for at ei endring i strukturen kan vere av det gode. I formannskapet røysta han og partifelle Thor Arne Heggtveit for kommunedirektøren sitt forslag, men i kommunestyret gjekk han for å behalde to hovudutval i tillegg til formannskap.

Han kommenterte at dette er ein debatt dei har hatt fleire gonger i Tokke, men at dei alltid endar opp med å behalde dagens ordning.

– Men me landar alltid på det same. Og det er jo trygt og godt, sa han, og la til at Tokke er den einaste kommunen i Vest-Telemark som har denne modellen.

I tillegg til Felland røysta Benedikte Nes (MDG), Thor Arne Heggtveit (Sp), Sverre Bakke (Sp), Ellen Ofte Jacobsen (KrF) og Torgrim Otterholt (Sp) for å redusere med eitt utval. Men fleirtalet på femten vil behalde utvala slik dei er i dag.

– Ja, då blir det akkurat som i dag, kommenterte Felland.

Retting:

I ein tidlegare versjon av denne saka stod det at:

«I tillegg til Felland røysta Benedikte Nes (MDG), Thor Arne Heggtveit (Sp), Sverre Bakke (Sp), Ellen Ofte Jacobsen (KrF) og Geir Arild Djuve (Sp) for å redusere med eitt utval.»

Det viste seg at det var feil ein feil i protokollen til kommunen, og det var ikkje Geir Arild Djuve som røysta for dette, men sidemannen og partifelle Torgrim Otterholt.