Feriejobb: Isabel Grave Johnsen (t.v., 17) og Andrea Nordbø Venås (18) jobbar i skisenteret i Vrådal i feriane, men er her mykje også på fritida.

Isabel (17) og Andrea (18) er blant dei lokale som jobbar på skisenteret i feriane. – Me kjem som regel hit når me har fridag også

Om lag 40 personar jobbar på skisenteret i Vrådal. Isabel Grave Johnsen (17) og Andrea Nordbø Venås (18) er blant vrådølane som tek imot skituristane.

På skisenteret er det ein miks av arbeidarar. Både lokale som Isabel og Andrea, internasjonale skiinstruktørar og hyttefolk bidreg når vinterferieturistane inntek bakken i Vrådal.

– Her er det veldig bra. Det er triveleg å møte alle dei hyggelege gjestene, i tillegg er det mange gode kollegaer, seier Isabel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho har jobba to sesongar på skisenteret. Andrea er i sin fyrste sesong, men trivst også godt i ein hektisk kvardag. Då VTB var innom byrja trafikken å ta seg opp, og det var litt kaotisk med ein heis som mellombels streika.

– Det har vore bra med folk, men det blir nok endå betre i påska, trur dei to.

– Påska er høgdepunktet, legg dei til.

– Får de tid til å stå på ski sjølve da?

– Jada, spesielt i helgene.

– Så de saknar ikkje vinterferie?

– Nei, det blir litt slik at me tenker kva skal me gjere nå, og så endar me fort her i skibakken, seier dei to som trivst best med slalåmski under føtene.

Dei to vidaregåandeelevane jobbar også litt som skiinstruktørar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dagleg leiar Geir Ødegaard Olsen i Vrådal Panorama skisenter er glad for dei engasjerte unge medarbeidarane. Han er godt fornøgd med vinterferien og ser snart fram mot påska.

– Mange vel Noreg nå når det er mangel på snø i Alpane, seier Olsen som lovar gode snøforhold til påske om vel ein månad.

Hjelpsame: Andrea Nordbø Venås (18) og Isabel Grave Johnsen (17) hjelper ein kunde i skisenteret.