Ingen restriksjonar på ut- og innreise i kommunen, men oppmodinga til alle er å ikkje reise unødvendig

Framleis er ingen i Nissedal kommune smitta av koronaviruset.

Kommunen tek ytterlegare grep for å sjå til at det held seg slik.

Kommunehuset er stengt for publikum, men kommunen er tilgjengeleg på telefon. Legekontoret stengde i dag for alt anna enn akutt hjelp. Stenginga gjeld også for helsehjelp som blodprøvetaking, blodtrykksmåling og anna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stengt: Kommunehuset er stengt. Det same er legekontoret for alt som ikkje er akutt.

– Me ber om forståing for at me er inne i ein svært belastande situasjon og har dermed berre moglegheit til å ta oss av akutte behov og førespurnadar, melder kommunen til innbyggjarane.

– Er du på hytta med påvist smitte – kontakt kommunelege, heiter det vidare.

Kommunen gjev ikkje dispensasjon til å vera på hytta. Dette gjeld også utleigehytter og campingvogn.

Elles skriv kommunen at det er ingen restriksjonar på reiser inn og ut av kommunen, men at dei oppmodar til at kvar enkelt ikkje reiser unødvendig. Spesielt gjeld dette tilsette i samfunnskritiske oppgåver og helsepersonell.

Fleire matbutikkar i kommunen tilbyr nå heimkjøring av mat.

– Om ikkje det er nok kapasitet eller du har anna behov for assistanse/hjelp ber vi deg ta kontakt med kommunen, står det på heimesida.

– Det kan vere fleire som har behov for å snakke med nokon i denne tida. For elevane vil alle kontaktlærane vere særskilt tilgjengelege, elles er det mogleg å kontakte psykisk helse ved legekontoret på telefon 35 04 84 20, heiter det vidare.