Vinje sjukeheim.

I dag startar testrunde to

Alle dei tilsette og bebuarane på Vinje sjukeheim har testa negativt.

Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven melder på Facebook at testrunde nummer to startar i dag.

– Status er at ingen personar i Vinje kommune er smitta. Så langt har heile sjukeheimen testa negativt, skriv han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein tilsett testa positivt for covid-19 i helga. Alle tilsette og bebuarar ved den aktuelle avdelinga blei testa i helga. Måndag blei tilsette og bebuarar ved dei andre avdelingane på sjukeheimen testa.

– Ingen har nokon form for symptom, men det er framleis for tidleg i hendingsrekkja til å seie noko sikkert. Alle vil bli testa på nytt tre dagar frå fyrste test, og om alle testane framleis er negative då, vil eg begynne å bli litt meir komfortabel, sa kommuneoverlege Marius Opsahl til VTB måndag.