Tysdag kan du sjå når kanaldronninga Victoria kjem til Kviteseid på VTB-TV.

I dag kan du sjå når M/S Victoria kjem til Kviteseid

Vest-Telemark blad vil frå i sommar satse meir på levande bilde.

Saman med avisene Dølen og Firdaposten skal VTB i sommar og utover hausten prøve seg fram med levande bilde.

Avisene fekk i vinter innovasjonstøtte frå Medietilsynet til å prøve ut konseptet med levande bilde. Målet er å finne ut kva som fungerer og kva som ikkje fungerer. Kva blir sett og kva er det mindre interesse for?

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå midten av juni skal avisene etter planen ha ei direktesending i veka.

– Me har aldri gjort dette før og det blir nok litt prøving og feiling. Men me gler oss. VTB-TV skal vera eit supplement for abonnentane, seier redaktør Øystein Øygarden.

Lokalavisa har hatt fleire idemøte både internt og saman med dei andre avisene, men redaktøren tek gjerne imot innspel frå vesttelane om kva dei vil sjå på VTB-TV.

Fyrste sending blir tysdag klokka 16.00. Då kjem kanaldronninga M/S Victoria til Kviteseid. Ho blir tatt imot av mellom anna Kviteseid hornmusikk.