Framleis forbod: Vinje kommune forlengar hytteforbodet. Illustrasjonsfoto frå Holtardalen.

Hytteforbod i Vinje fram til 27. april

Vinje-ordføraren fryktar at svært mange hyttefolk vil reise på hytta siste helga i april for å sjå til hytta, kanskje sumarstenge og nytte den siste skihelga i april i strålande vêr i Vinje. Derfor blir det forbod mot å reise på hytte i kommunen fram til 27. april.

Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven opplyser på Facebook onsdag føremiddag om hytteforbod i kommunen fram til 27. april.

Som kjent blir det nasjonale hytteforbodet oppheva 20. april. Kleven grunngjev avgjerda i Vinje slik:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har på grunn av eit sårbart helsevesen og for å beskytte sårbare grupper unngått 30 000 menneske i påskefjellet i Vinje. Det er ein måte smitte flyttar på, og det er med menneske som flyttar seg frå eit lokalsamfunn til eit anna. Med omfattande turiststraum til Vinje ville vi sikkert fått meir smitte hit, samstundes som helsevesenet ville blitt hardt pressa.

Han skriv at kommunen i ein normalsituasjon yter mykje heimesjukepleie på hyttene, og at hyttefolk og turistar er «storforbrukarar av legevakta i Vinje, og ambulansane».

– Sjølv om folk seier dei er friske når dei reiser på hytta, er det ingen som planlegg for besøk på legevakta, men det skjer. Hjarte, slag, blodforgifting, beinbrot, blindtarm, trafikkulykke, heimeulykke på hytta, ulykke i utmark med vidare. Dette er vi vant til å handtere, og vi har god helseberedskap til hyttefolk utan at vi har innført eigedomsskatt på hytter. Vinje kommune ligg i noregstoppen på pengebruk på helsetenester. Det er fordi vi alltid er mange fleire menneske i Vinje enn dei som er folkeregistrert her. Dersom vi i år i tillegg til det vanlege «trykket», må behandle pasientar smitta av korona, jobbe med smittesporing og i tillegg kanskje «miste» noko helsepersonell som sjølv blir smitta, vil vi ikkje handtere det, skriv Kleven.

– Hytteforbodet gjeld for Vinje sin del – Noregs 4. største hyttekommune – liv og helse. På denne bakgrunn avlyste vi påska i år. Det nasjonale hytteforbodet gjeld fram til 20. april. Vi er redd for at svært mange hyttefolk som eig dei 5700 hyttene i Vinje vil reise på hytta siste helga i april for å sjå til hytta, kanskje sumarstenge, nytte den siste skihelga i april i strålande vêr i Vinje. Dersom mange gjer dette samstundes – noko det er grunn til å tru – vil vi få ei utsett påskehelg 24–26. april. Vi kan ikkje opne for det. Eg seier meg lei for det til alle hyttefolk, men vi må gjere det slik i år. Etter 26. april vil det ikkje lenger vere hytteforbod i Vinje kommune. Alle er då hjarteleg velkomen attende – men fylg nasjonale råd om fritidsreiser, skriv ordføraren vidare.

Vakthald i hyttefelt av profesjonelt vektarselskap vil bli vidareført fram til 27. april.

Les også
Tre av dei fire smitta i Vinje er no friskmelde
Les også
Karantenepåbod for dei som reiser til Oslo og Viken, men med unntak for Kongsbergregionen