Helseminister Bent Høie snakka rett til dei unge på pressekonferansen på tysdag. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix / NPK

Høie: Viss smitta aukar mykje, må vi stengje landet igjen

Helseminister Bent Høie (H) kjem med ei tydeleg åtvaring til dei unge om at Noreg kan måtte stengje ned igjen dersom smitta held fram med å blomstre opp.

– Ingen unge menneske ønskjer å spreie farleg smitte, men eg trur at mange unge ikkje veit at dei kan ha viruset utan å vite det og spreier det utan å vilje det, seier Høie på pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen tysdag.

Private festar, studiestart og fadderveker har skapt utfordringar fleire stader i landet den siste tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trur at du som er ung, tenkjer at viruset ikkje rammar deg, men det rammar deg og det rammar dei og det du bryr deg om, seier Høie.