Håpar å få kontakt med unge som slit så tidleg som mogleg. – Her er terskelen låg
– Me skal vere eit lågterskeltiltak som skal hjelpe folk med vanlege psykiske plager og tilbyr behandling for milde til moderate depresjonsproblem, angst, søvnvanskar og begynnande rusproblem, seier Eva Margrethe Ellingsen.
På kort tid har Vest-Telemark etablert det største interkommunale kontoret for Rask psykisk helsehjelp (RPH) i Noreg. 74 kommunar og 15 bydelar i landet har eit slikt tilbod. I Telemark er det fire kontor, der Vest-Telemarkkontoret er eitt av desse.
Låg terskel
Fagleg leiar Eva Margrethe Ellingsen og resten av RPH-teamet har etablert seg i nyoppussa lokale i Kompetansebanken, i andre etasje av gamle Seljord Sparebank i Seljord.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Basekontoret skal vere her, men me har kontor tilgjengeleg i alle Vest-Telemarkkommunane, fortel Ingunn Birkeland som er spesialsjukepleiar med vidareutdanning innan psykisk helse og kognitiv terapi.
– Her er terskelen låg, men me er ikkje ein akutt-teneste. Du treng ikkje tilvising frå lege eller anna helsepersonell, men kan ringe direkte sjølv, seier Ellingsen og legg til at tilbodet er gratis.
RPH tilbyr kognitiv behandling for folk som opplever nedstemdheit, bekymringar, stress og andre plager som avgrensar livsutfaldinga.
– Kognitiv behandling dreier seg om å hjelpe brukaren til å sjå mønster som skaper problem. Det kan vere tankar eller kjensler som skaper problem. Me prøver å hjelpe til med å sjå korleis tankar, kjensler, handlingar og kroppslege reaksjonar heng saman.
Mange har tatt kontakt
Dei første i RPH-teamet starta alt 2. januar i år med 1,5 stilling. Frå 15. mai opna dei telefonen, og sist måndag var det formell opning av kontoret i Kompetansebanken. I dag har dei 3,5 årsverk. Med seg har dei ein psykolog tilsett i 50 prosent stilling. Han jobbar også som kommunepsykolog i Vest-Telemark.
– Me har alt hatt over 30 personar som har kontakta oss. 16 av desse er i målgruppa og får behandling. Tilbodet gjeld for folk over 16 år. Ingen øvre grense, men ein må kunne gjere seg nytte av behandlinga, seier Birkeland.
Alle kommunane i regionen har tenester innanfor psykisk helse, og i Seljord ligg også DPS.
– Me skal vere eit supplement til anna psykisk helsehjelp, og målsettinga er at folk skal få hjelp innan 14 dagar etter at dei har tatt kontakt, seier fagleg leiar Ellingsen
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me håpar å nå dei som gøymer seg i mørketala. Dette tilbodet er for å nå folk før dei blir sjuke, forklarar vernepleiar Mona Sofie Skafså, som også er utdanna som psykisk helsearbeidar og kognitiv terapeut.
– For nokre kan det halde med nokre få samtaler, andre treng meir hjelp.
Varierte tilbod
Medlemmene i RPH-teamet fortel at dei vil tilby både gruppebehandling, rettleia kurs på nett, undervisingsbaserte kurs og individuelle samtaler.
– Me er organisert med tanke på brukarane, seier Anne Lise Forberg som er også sjukepleiar med vidareutdanning i psykisk helse og kognitiv terapi.
Noko som betyr at ein kan kome til samtale i heimekommunen eller ein kan reise til ein av nabokommunane dersom ein finn det ubehageleg å kome til vårt kontor i heimkommunen.
– Det er små forhold i Vest-Telemark, og lange avstandar. Om ein bur i Vinje og har problem med å kome seg til for eksempel Seljord, då kan ein få behandling i Vinje, seier fagleg leiar Ellingsen.
– Eller ein kan få hjelp på nett.
Gode resultat
Hos RPH er poenget nettopp å få hjelp raskt. Dette har vist seg å gje gode resultat og seks av ti som har nytta seg av tilbodet, både i Noreg og andre stader, melder at dei har betre livskvalitet etter at dei har gjennomgått behandling.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei tilsette
– Ingunn Birkeland er sjukepleiar med vidareutdanning innan psykisk helse og kognitiv terapi.
– Anne Lise Forberg er også sjukepleiar med vidareutdanning i psykisk helse og kognitiv terapi.
– Mona Sofie Skafså er vernepleiar og er utdanna som psykisk helsearbeidar og er kognitiv terapeut.
– Eva Margrethe Ellingsen er utdanna sosionom med vidareutdanning innan rusbehandling og rettleiing. Ho er også gestalterapeut.
I tillegg er det Henrik Eriksen, interkommunal psykolog i alle kommunane (med unntak av Vinje som har eigen psykolog).