Ny sokneprest: Hallvard Nordbø Jørgensen er ny sokneprest i Tokke.

Hallvard Nordbø Jørgensen blir ny sokneprest i Tokke

Hallvard Nordbø Jørgensen kjem frå Vrådal i Kviteseid, og har tidlegare arbeidd som prest i Kviteseid og i skulen. Sundag blir han innsett som ny sokneprest i Tokke ved gudsteneste i Tokke kulturhus, melder prost Asgeir Sele i ei pressemelding.

I samråd med prost, sokneråd og den lokale kyrkjestaben har biskopen kome fram til at Tokke og Vinje skal ha kvar sin sokneprest framover. Fram til nå har Tor Eivind Erikstein vore sokneprest i begge kommunane, men han blir nå sokneprest i Vinje medan Jørgensen blir sokneprest i Tokke.

I gudstenesta på sundag blir det derfor både innsetting av Jørgensen, og ei markering av avskjed med Erikstein som sokneprest i Tokke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter at Bjørn Nome slutta i stillinga som fjellprest, er det nå berre ungdomspresten som skal dekke to kommunar, men den stillinga er framleis ledig.

– Det har så langt ikkje lukkast å få kvalifiserte søkarar til den ledige stillinga som ungdomsprest, og det vert kontinuerleg arbeidd med å få dette på plass, opplyser Sele.