Meteorologane har sendt ut gult farevarsel om regn for delar av landet. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB / NPK

Gult farevarsel for regn i aust og vest

Meteorologane har sendt ut gult farevarsel for regn i delar av landet måndag og tysdag.

På delar av Austlandet er det gult farevarsel for regn. Varselet startar allereie måndag ettermiddag klokka 16 og sluttar tysdag klokka 8. Lokalt kan det komme 30 til 50 millimeter i løpet av ein periode på tolv timar. Ver merksam på fare for lokale flaum, bakke- og elveløpsendringar, og jord- og flaumskred der det kjem mest nedbør, står det.

Det er sendt ut gult farevarsel for jord- og flaumskredfare på Austlandet som følgje av utviklinga i vêret.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pøse ned

– Frå tysdag morgon til onsdag morgon vil det pøse ned i delar av Rogaland, skriv Meteorologisk institutt på Twitter.

Det kan komme mellom 60 og 100 millimeter regn på 24 timar enkelte stader. Det er usikkert kva område som får mest nedbør.

Varselet gjeld for delar av Rogaland og Hordaland, kjem det fram på yr.no. Det er fare for overvatn i tettbygde område, stengde vegar og lokalt vanskelege køyreforhold. Vurder behov for førebyggjande tiltak, tilpass farten og køyr etter forholda, er råda.

(©NPK)