Fyrstereis på fotballskule – midt i VM
– Eg ville vore Yamal. Han har to feiringar, og eg kan begge, seier Oliver ivrig. – Eg ville vore Haaland, for han skårar så mange mål, kjem det frå Max.
Små og store tøffingar på fotballskule.
Oliver og Max er nettopp ferdige med fyrste klasse på Gimle skule – endeleg gamle nok til å bli med på Fyresdal fotballskule. Det same er Theo, Herman og Magnus, og alle fem sit for augeblinken inni eitt av måla på Gimle stadion.
– Vil de verkeleg rett på fotballskule når de endeleg har fått sommarferie?
– Ja! Fotball er moro, ropar gutane nærast i kor, og Theo delar straks høgdepunktet frå dei siste to døgna:
– Laget mitt vann 8–2, og eg skåra sju av måla.
– Er det ein av trenarane her på fotballskulen som er den beste, eller?
– Ja! Eirik! Han har blitt kåra til den beste trenaren. Han er kjempegod, og han spelar fotball på ekte! Han har spela for Seljord, men nå har han skifta klubb, forklarar gutane ivrig.
– Viss de kunne skifte til kva klubb som helst, da, kven ville de ha spela for?
– Barcelona, seier Oliver kjapt. Men der snakkar dei ikkje engelsk, og ikkje norsk heller, innvender kameratane. Då kjem Theo på noko lurt.
– Eg ville vore i Bodø-Glimt, for dei er eit verdas beste lag som er norske.
Heller Fyresdal enn Bø
Det er ikkje berre Gimle-elevar blant dei 86 deltakarane på Fyresdal fotballskule. Anna har teke turen frå Larvik, Ola frå Lunde og Julian frå Bø.
– Men du er vel på fotballskulen i Bø også, Julian?
– Eg har vore der ein gong, men eg liker Fyresdal betre. I Bø er det litt trongt. Her er det så stort, svarar Julian.
Alle tre har familie i Fyresdal, og liker godt å vere her både på fotballskule og elles. Men kva om foreldra deira føreslo å flytte hit?
– Eg hadde blitt lei meg, men også ganske så glad, for eg har blitt kjent med ganske så mange her, seier Julian.
– Det er eit stort spørsmål. Eg trur eg hadde trivast her. Det er jo litt koseleg at det ikkje er så mange her, seier Anna litt ettertenksamt, men då grip tredjemann kjapt ordet. Han ikkje har nokon motførestillingar.
– Yes! Eg kan betale alt, berre me kan flytte, utbryt Ola, som elles har to skikkeleg gode fotballskuleminne å dele, frå då han var på lag med firmenningane sine, Lilly og Theodor.
– Eg var på lag med Lilly det fyrste året mitt her, og då vann me alle kampane. Og i fjor var eg på lag med Theodor, og me vann også alle kampane. Det har brent seg fast.
Året det vart fullt i Vrådal
Fotballskulen i Fyresdal starta opp eit år fotballskulen i Vrådal var så fullbooka at berre halvparten av dei over 60 påmelde frå Fyresdal fekk plass. Å la over 30 ungar stå att utan fotballskule, det gjekk berre ikkje an, kom nokre driftige foreldre fram til.
Dei bestemte seg for å lage eigen fotballskule, og sidan har Fyresdal fotballskule halde fram. Den ligg fast rett etter skuleslutt, og er slik sett avsparket for sommarferien for mange fyresdølar frå 1. til 10. klasse – også dei som ikkje spelar fotball til vanleg.
– Når skuleklokka ringer etter siste time siste skuledag før ferien, gjeng ungane rett hit, set frå seg skulesekken og får TINE-t-skjorte og sekk. Og så er me i gang, smiler Ann Merete Røed, som er ei av til saman fem damer i arrangørkomiteen.
Taparane må nøffe
Det er ein mann med i komiteen også, men Torleiv Hvistendal er oppteken som målmann for jentene i ungdomanes straffekonk for augeblinken, og kan ikkje bli med på komitebildet.
– Eg er trenar og har det berre moro. Mens damene tek seg av det som er tungt og vanskeleg, gliser han mellom redningane.
Det kan nok krevje ein del å stelle til fotballskule, men arrangørane har fleire gode grunnar til å smile breitt. I 2023 blei Fyresdal heidra som årets TINE fotballskule i Telemark. I år har dei årets trenar i fylket, og dei feirar dessutan 20-årsjubileum – noko dei har litt ekstra god råd til med 100 000 sponsorkroner frå Edge Connex.
Dei har også deltakarar som set stor pris på opplegget, og som kjem att år etter år. I 2026 er det fire som har runda heile fotballskulen med deltaking kvart einaste år, og som blir heidra med 10-årspris.
Ein av dei er Gaute, som for augeblinken står i mål for gutane i straffekonken. Sjølv om han nok har lært mykje på sine 10 år i Fyresdal fotballskule, held det ikkje mot denne jentegjengen. Gutane tapar, og må gjennom straffa: Nøffing.
Søv som ein stein
Attende i målet begynnar dei fem fyrstereisgutane våre å få maur i fui, men før dei spring av stad for å spele dagens kampar må me naturlegvis høyre om dei følgjer med på VM.
Det gjer dei – og fleire av dei såg Noregs fyrste VM-kamp. Men det er ikkje alltid kroppen vil samarbeide.
– Eg skulle sjå Norge-Irak, men det gjekk ikkje an å vekke meg. Pappa tok tak i foten min og drog meg nedover senga og rista på foten min, men eg vakna ikkje, fortel Herman.
– Kven trur de vinn VM då?
– Noreg, ropar alle fem, men Theo har ein tilleggskommentar:
– Viss eg skal vere rettferdig, så trur eg det er Marokko som vinn. Eller Argentina.