Frigjev namnet på mannen som blei funnen død i vatnet

Det var Ove Mulvik (58) frå Kongsberg som blei funnen død i Fiskemovatn i Vinje sundag.

Han blei meld sakna laurdag av ein arbeidskollega han var på hyttetur med. Det blei sett i gang leiteaksjon, og sundag blei mannen funnen død.

Obduksjonen viser at dødsårsaka er drukning, melder Telemarksavisa onsdag ettermiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han var ute og fiska og har falle i vatnet og drukna, Årsaka til at han fall i vatnet veit me ikkje, seier politiadvokat Bjørn Bunkholt Sæter til avisa.