Vasslaus: Det har vore fleire lekkasjar på vassleidningane i Morgedal dei siste dagane. Kommunen kan førebels ikkje seie sikkert når problemet er løyst.

Lekkasjen i Morgedal er nå fiksa. – Me ventar på svar på prøvene

Laurdag vart det ein vasslekkasje rett ved campingplassen i Morgedal. Den er fiksa, men dei siste dagane har det vorte fleire lekkasjar å reparere.

– Det starta med ein vasslekkasje som vart oppdaga på laurdag. Det var rett ved campingplassen. Den vart funne og er reparert, men deretter sprakk ei luftklokke. Dette er også fiksa. Så fekk me ein tredje lekkasje som me arbeider med nå, sa kommunalsjef for tekniske tenester i Kviteseid kommune, Olav Kjetil Greivstad til VTB tysdag.

Onsdag fortel Greivstad til VTB at lekkasjen er reparert, og at dei nå ventar på svar på vassprøvene. På heimesidene skriv kommunen at dei som er råka vil få informasjon på sms.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gamle røyr

Tysdag fortalde Greivstad at alle som er kopla til Morgedal vassverk er råka, i meir eller mindre grad.

– Kva veit de om årsaka til at dette skjer?

– Det er nok tidas tann. Røyra er gamle og slite, truleg frå 80-talet, svarar Greivstad.

Han fortel at dei har folk som jobbar både dag og natt for å reparere lekkasjen.

– Sidan i går kveld og i heile natt har me køyrt vatn frå Kviteseid til Morgedal.

Kommunalsjefen forsikrar at dei jobbar på spreng med å løyse lekkasjen, men kan ikkje seie sikkert når problemet er løyst.

– Det er vanskeleg å seie nå. Men me jobbar på spreng og me brukar alle dei ressursane me har. Folk er utruleg sporty, og det er god stemning. Men eg skjønar om folk er fortvila, det er snart jol og eg skjønar at dette er frustrerande, men me gjer så godt me kan, seier Greivstad.

Vasslekkasje: Kommunalsjefen meiner årsaka til at det oppstår lekkasjar er at røyra er gamle og slite.