Tilbake: Laila Thorsen har mange gode barndomsminne frå Kviteseid og Syftestad camping. Ho synest det er trist at bygda ikkje har nokon overnattingstilbod for turistane.

Etter tre dagar i barndomsparadiset måtte Laila vidare. Det var ingen ledige plassar å overnatte for turistar.

– Vil ikkje kviteseidingane ha turistar? spør Laila Thorsen frå Haugesund.

Kvar sommar frå ho var 8–9 til ho var 16 var Laila på Syftestad camping i Kviteseid frå skulen slutta til han starta att. Her var ho med heile storfamilien og fekk stadig nye venner, både blant campingturistar og seinare dei lokale ungdomane.

– Når me kom køyrande nedover mot Kviteseid hugsar eg at eg hadde sommarfuglar i magen. Det var spenning i om me fekk hytte nummer 9 – som eigentleg var den beste for då såg me heile tida kven som kom – eller hytte nummer 10 som var den største og låg bakerst på plassen. Det var ein så fin plass å vera turist på, seier Thorsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg hugsar me rodde frå campingplassen og til bakeriet. Her kjøpte me ferske rundstykke som me åt med sjokade, mimrar ho.

Berre tre overnattingar tilgjengeleg

Etter fire månader på heimekontor og noregsferie i sikte, ville 53-åringen, som er busett i Bergen, tilbake til Kviteseid. Ho såg for seg ei veke i barndomsparadiset.

– Eg har vore nedom å kikka tidlegare, men no ville eg vera her i ei av ferievekene.

Men overnatting var ikkje lett å finne. Det var tre ledige netter på minihuset i sentrum.

– Eg sjekka ulike bookingsider og oversikt over campingplassar, men fann ikkje noko. Minihuset var fint og midt i sentrum, men det var ikkje mogleg å bestille heile veka då det alt var booka. Så då må eg vidare nå, seier Laila.

– Eg har kosa meg og sendt masse bilde heim til mamma og pappa. Og eg må seie at sentrum er så fint, med bryggekafeen, Hvidesøe og triveleg butikkar som det er viktig at turistane brukar. Men det er trist at det ikkje er noko overnattingstilbod. Vil ikkje kviteseidingane ha turistar? spør Thorsen.

Vil ta seg ein kaffi på Waldenstrøm

Fleire har sagt at ho kan overnatte i Morgedal eller Seljord. Men det er ikkje det Laila vil.

– Då er eg vel ikkje i Kviteseid. Eg vil vera her. Eg vil rusle til Waldenstrøm og ta meg ein kaffikopp, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho skjønar at det er vanskeleg å få til eit overnattingstilbod året rundt, men håpar at det blir lagt til rette for at turistar har høve til å sjå meir av den fine plassen, som igjen kan føre til at fleire kjem – og kan hende nokon synest det er så fint at dei flyttar hit.

– Eg må få understreke at eg har hatt det fint. Det er ein så intim og koseleg stad med kvalitetar som til dømes Seljord ikkje har. Kviteseid har noko eige, seier ho, før ho kjem med ei oppmoding til innbyggjarane:

– For å få ting til må ein heie på kvarandre. Om ein lukkast er det bra for alle andre, seier ho, som gjerne kjem tilbake til Kviteseid – om det er ein plass å overnatte.