Likevel ikkje smitta

Fredag melde Kviteseid kommune at ein tilsett ved Kviteseid omsorgssenter hadde testa positivt for covid-19. Testsvaret viste seg å vera feil.

– Den tilsette på Kviteseid omsorgssenter (KOS) som vart meldt smitta 22.04.21, har ved ny prøve testa negativt. Det er klart at det er feil resultat på den fyrste prøva. Ingen nærkontaktar eller andre er i karantene, melde kommunen laurdag.