Sør- og Austlandet får det finaste vêret i helga med opptil 25 varmegrader. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Ein smakebit på sommaren – opp mot 25 plussgrader i sør og aust til helga

Allereie torsdag skin sola igjen, og helga vil by på ein smakebit på sommaren med knallvêr og opp mot 25 plussgrader i store delar av landet.

– Temperaturane i helga kjem til å liggje på mellom 20 og 25 grader. Strålande sol og knallfint! Det blir ein smak på sommaren rett og slett, seier vakthavande meteorolog Martin Granerød i Meteorologisk institutt til NTB.

Ifølgje prognosane blir søndagen den varmaste dagen, og store delar av landet kan nyte finvêret.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sør- og Austlandet kjem til å få det absoluttet varmast, men viss ein ser på dagane før helga òg, så er det nok Vestlandet og Midt-Noreg som får det finast. Der blir det tørt og sol i lange periodar, sjølv om temperaturen ikkje blir like høg som på Sør- og Austlandet.

Troms og Vest-Finnmark derimot må ta til takke med lågare temperaturar og overskya vêr, og delar av Finnmark kan oppleve sludd fredag og laurdag.

– Det kjem til å bli temperaturar på rundt 5 og 7 plussgrader. Etter kvart fell det òg litt nedbør i form av regn, og i delar av Finnmark er det ikkje umogleg at det blir sludd fredag eller laurdag. Men det er ikkje sludd som blir liggjande.

Men særleg på Sør- og Austlandet er det gode moglegheiter for å bruke helga utandørs.

– I helga gjeld det å nytte seg av finvêret og komme seg ut! Det er mange moglegheiter for bruk av både solkrem og solbriller. Tur og utandørsaktivitetar er stikkordet, seier Granerød.

Sør i landet blir det òg rolege vindforhold, med skiftande bris kombinert med knallvêr.

– Det er flotte moglegheiter for å ta seg ein tur på sjøen, og det er vel ikkje heilt umogleg å ta årets første bad med tanke på at det blir såpass bra temperatur i lufta.

Havtemperaturen vil liggje på kjølige 10–14 varmegrader, så det passar best for dei som ønskjer å avkjøle seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

25 plussgrader og sol er ein stor kontrast til sluddvêret i Finnmark og minusgradene som er melde på Spitsbergen til helga. Men sør i landet har sommaren heller ikkje komme for å bli.

– Det ser ut til at det berre blir ein blaff av sommar, og at det forsvinn igjen utover neste veke. Så då gjeld det å nytte sjansen no som vi først har moglegheita, seier meteorolog Martin Granerød.

(©NPK)