Ein person koronasmitta i Vinje

Kommunen opplyser at den smitta personen er i isolasjon. Smittesporing har blitt gjennomført og nærkontaktar er sett i karantene.

– Foreløpig trur me dette er avklart. Smittesporinga er fullført og me har god oversikt på situasjonen, seier kommuneoverlege Marius Opsahl.

Smittetilfellet er det fyrste sidan utbrotet i kommunen i desember og januar.