Med fokus på demens: Kirsti Solheim kom til Kviteseid for å halde foredrag, men fyrst las styremedlem i Kviteseid demensforeining, Alise Nekstad Grave, eit dikt.

– Du skal ikkje møte demens åleine

Mange møtte fram då Kviteseid demensforeining inviterte til foredrag om korleis ein skal kommunisere og ha samspel med personar som har demens.

Måndag 6. november samla demensforeininga i Kviteseid over 50 personar til foredrag.

Planen var å halde møtet på kommunehuset, men foreininga måtte flytte til Fredheim sidan det var så mange som meldte seg på. Folk kom frå Kviteseid, Seljord, Nissedal og Treungen. I salen var det både pårørande og helsepersonell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvelden blei opna med at leiar i demensforeininga Hildegunn Andersen ynskte velkomen, og styremedlem Alise Nekstad Grave las eit dikt om demens.

– Dette diktet er det musikaren Steinar Hjelmebrekke, frå Osterøy, som har skrive. Han blei pårørande til bestemor si, som flytta på sjukeheim og fekk diagnosen demens, fortel Andersen.

«Dement»

Å koma på sjukeheim og kanskje byrja å rota litt

med ting og tid og stad folk trur eg er død allereie

Hagen er borte eg klarar ikkje å lage mat sjølv lenger

og eg hev hjelp til å dusje.

Av og til er det vanskeleg å sortere namn,

fjes, barnebarn, oldebarn kven er kven?

Eg veit det nok men eg gløymer og kjem på.

I blandt gløymer eg når du er på besøk,

og hugsar når du har gått det er vondt.

Eg er eit menneske eg også,

eit slikt som pustar, tenkjer og kjenner på glede og smerte.

Slik som menneske gjer.

Greit nok eg er gamal

har levd mitt liv er nøgd med alt eg har fått

Men noko gjer meg vondt.

Dei som var ein del av livet mitt før

som ikkje er der lengre kor er dei?

Dei ringjer ikkje skriv ikkje sender ikkje bilete

Eg er jo dement eg er ferdig

eg treng ikkje telefonar ikkje brev eller bilete.

Eg skal jo dø snart det rasjonelle meg er visst dødt allereie.

Dei trur eg ikkje saknar dei

at eg ikkje treng dei

At eg ikkje kjenner dei att lenger

for eg er jo dement og det er eg jo

Men eg er ikkje død

Sjølv om livet går sin gang

generasjonar går sin gang.

Og det ikkje er min tur lenger.

Det er mine barn som er gamle no.

Eg berre sit her og tenkjer og tenkjer

og ventar på ein telefon på eit brev eller eit bilete.

Eg ventar å eit teikn på at du framleis er glad i meg.

For eg lever faktisk endå.

Steinar Hjelmebrekke

– Temaet er så viktig

Det var Kirsti Solheim som hadde foredrag.

– Solheim er ei sprek, sprudlande og ikkje minst engasjert dame på 75 år frå Moss. Ho har jobba med og for personar med demens i mange år, og dessutan at ho har vore pårørande. Ho set seg i bilen og køyrer land og strand rundt og held foredrag. Og som Solheim seier sjølv: «Jeg kan prate i 7 timer uten stopp, for dette teamet er så viktig», fortel Andersen.

Nyttar humor: På foredraget viste Kirsti Solheim ein serie frå Pondus om kor «gale» det kan gå, om ein ikkje kommuniserer og samhandlar på rett måte.

På foredraget snakka Solheim om at det er normalt at ein ikkje snakkar og tenkjer like fort, er like rask når ein går, er kanskje litt ustø, og at ting generelt går litt seinare når ein blir eldre eller gamal. Men at her er det store individuelle forskjellar.

– Læringsevna blir bevara ved aukande alder. Men ein vel ut kva ein har bruk for å lære, og ein treng fleire repetisjonar for å hugse. Dette er normal kognitiv aldringsprosess, seier Andersen.

Solheim fortalde vidare at det er mange typar demens, som til dømes Alzheimer demens som er den vanlegaste forma, vaskulærdemens, demens med lewy-legemer og frontotemporalemens.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Demens er ei alvorleg diagnose og få. Den rammar både eldre, yngre og så har me barnedemens. Ei utgreiing for å få den rette demensdiagnosen skal ta minimum seks månadar. Alt som kan påverke det kognitive utanom skal bli utelukka. Ein kan for eksempel ikkje ta ei utgreiing på ein person som har ein urinvegsinfeksjon eller for lite væske i kroppen. Pasienten skal bli behandla og vere ferdigbehandla før ein startar utgreiinga. Det er viktig å få den rette demensdiagnosen, dette i forhold til korleis ein tilnærmar seg personen som har demens, fortel Andersen.

– På foredraget minna og påpeika Solheim dei frammøtte også på at det ikkje heiter at du er dement, og forklara dette med at du ikkje er sjukdomen din, men du har demens, seier lokallagsleiaren.

Demenskartet

Andersen fortel at Solheim var tydeleg i foredraget på at me vil ha ei stor utfordring framover, og at me ikkje har førebudd oss godt nok på at denne demens-bylgja som kjem.

Andersen seier om ein ser på demenskartet til Aldring og helse, så er innbyggjartalet for Vestfold og Telemark i 2020 - 419 369. Befolkninga her er eldre enn gjennomsnittet i Noreg, og har difor ein høgare del med demens. Delen er på 2,15 prosent, gjennomsnittet i Noreg er 1,88 prosent i 2020.

Andersen fortel at Solheim avslutta foredraget med å sei at ho er glad ho ikkje lever når demens-bylgja kjem, og meinte at velferdsteknologi ikkje vil vere løysinga.

– Kviteseid demensforeining vil takke alle som kom til denne lærerike kvelden. Takk for alle fine tilbakemeldingar som demensforeininga har fått både under og etter foredraget, og alle som bidrog, seier Andersen på vegner av heile styret i demensforeininga.

Demenskartet

Vest-Telemark kommunane ser slik ut, og vil sjå slik ut i 2020, 2025 og 2050 ifylgje demenskartet. (Aldring og helse skriv at låge innbyggjartal gjev større usikkerheit i prognosane):

Kviteseid: 2020: Innbyggjartal 2403, personar med demens; 64 stk., som vil seie ein del på 2,66 prosent 2025: Innbyggjartal 2373, personar med demens; 72 stk., som vil seie ein del på 3,03 prosent, det vil seie ein auke på 13,91 prosent sidan 2020 2050: Innbyggjartal 2434, personar med demens; 137 stk., som vil seie ein del på 5,63 prosent, det vil seie ein auke på 111,65 prosent sidan 2020.

Tokke: 2020: Innbyggjartal 2201, personar med demens; 59 stk., som vil sei ein del på 2,60 prosent 2025: Innbyggjartal 2112, personar med demens; 64 stk., som vil seie ein del på 3,03 prosent, det vil seie ein auke på 13,06 prosent sidan 2020 2050: Innbyggjartal 1974, personar med demens; 117 stk., som vil seie ein del på 5,93 prosent, det vil seie ein auke på 121,27 prosent sidan 2020.

Vinje: 2020: Innbyggjartal 3676, personar med demens; 86 stk., som vil seie ein del på 2,33 prosent 2025: Innbyggjartal 3664, personar med demens; 100 stk., som vil seie ein del på 2,73 prosent, det vil seie ein auke på 16,67 prosent sidan 2020 2050: Innbyggjartal 3650, personar med demens; 194 stk., som vil seie ein del på 5,32 prosent, det vil seie ein auke på 125,35 prosent sidan 2020.

Seljord: 2020: Innbyggjartal 2888, personar med demens; 72 stk., som vil seie ein del på 2,49 prosent 2025: Innbyggjartal 2885, personar med demens; 83 stk., som vil seie ein del på 2,90 prosent, det vil seie ein auke på 16,47 prosent sidan 2020 2050: Innbyggjartal 2851, personar med demens; 139 stk., som vil seie ein del på 4,88 prosent, det vil seie ein auke på 95,98 prosent sidan 2020.

Nissedal: 2020: Innbyggjartal 1448, personar med demens; 34 stk., som vil seie ein del på 2,35 prosent 2025: Innbyggjartal 1455, personar med demens; 39 stk., som vil seie ein del på 2,68 prosent, det vil seie ein auke på 14,4 prosent sidan 2020 2050: Innbyggjartal 1497, personar med demens; 87 stk., som vil seie ein del på 5,81 prosent, det vil sei ein auke på 147,23 prosent sidan 2020.

Fyresdal: 2020: Innbyggjartal 1287, personar med demens; 31 stk., som vil seie ein del på 2,41 prosent 2025: Innbyggjartal 1270, personar med demens; 34 stk., som vil seie ein del på 2,68 prosent, det vil sei ein auke på 11,2 prosent sidan 2020 2050: Innbyggjartal 1276, personar med demens; 69 stk., som vil seie ein del på 5,41 prosent, det vil seie ein auke på 124,48 prosent sidan 2020.

Kjelde: demenskartet.no

Godt oppmøte: Om lag 50 gjester møtte fram på foredraget til demensforeininga.