Kommuneoverlege: Anne Ruth Syrtveit Mikalsen.

Den «smitta» kviteseidingen viste seg å ikkje vera smitta likevel

– Vi har hatt ein person med ei falsk positiv prøve, melder kommuneoverlegen i Kviteseid fredag.

Tysdag melde Kviteseid kommune om ein stadfesta smitta av covid-19 i kommunen. Nå viser det seg at dette var ei falsk positiv prøve. Det er kommuneoverlegen i Kviteseid i samarbeid med FHI som stadfestar dette.

Meldinga frå kommuneoverlege Anne Ruth Syrtveit Mikalsen:

Artikkelen held fram under annonsen.

«Det er med glede eg i dag kan informere heile Kviteseid kommune om at den personen som vart meldt som koronapositiv viser seg å likevel ikkje ha vore smitta. Husstanden er ikkje lenger i karantene.

Av ulike årsaker vart det tatt ein ekstra test av den som var rapportert som smitta. Denne testen viste ingen spor av smitte. Eg konfererte straks med Folkehelseinstituttet då eg fekk dette overraskande svaret.

Alle prøver som er i bruk må kvalitetssikrast. De hugsar sikkert at det tok tid med testing av kvaliteten på hurtigtestar for covid-19. Ein måtte vite både det som heiter sensitivitet og det som heiter spesifisitet. Det vil seie kor bra testen er til å oppdage alle som faktisk er sjuke og at testen berre oppdagar dei sjuke. Det ein ynskjer er sjølvsagt 100 % sensitivitet og 100 % spesifisitet på ei prøve, men slik er ikkje verda. Vi må ha så bra resultat som mogleg, men kan ikkje alltid stole på at alle prøver er korrekte. Det er dette ein kallar «falske positive» og «falske negative» prøveresultat. Det er ikkje mange slike prøver, men dei eksisterer.

Vi stod difor i den situasjonen at enten hadde vi ein innbyggjar i Kviteseid som anten hadde ei falsk positiv prøve eller ei falsk negativ prøve. Vi måtte ta ei prøve til. Svaret på den er nå kome. Prøva er negativ!

Vi har difor ikkje hatt ein smitta person i Kviteseid kommune nå på nyåret. Vi har hatt ein person med ei falsk positiv prøve. Karantene til husstanden/nærkontaktar er oppheva. Det har vore eit svært godt samarbeid med alle involverte i denne saka. Eg takkar for det.»