Dagleg leiar på DNT Mogen om stengingane: – Det må vere lov å synest at det er trist
I over 130 år har Mogen turisthytte vore ei naturleg innfallsport til Hardangervidda. No gjer omsyn til villreinen at hytta må marknadsføre seg som eit reisemål i seg sjølv.
Dagleg leiar på DNT Mogen turisthytte, Kyle O’Donoghue, er klar for å gjere endringar i samsvar med tiltaksplanen for villrein som blei lagt fram 2. juli. Han seier DNT har følgt prosessen tett, og meiner kravet om stenging av enkelte hytter og stigar ikkje kjem som nokon bombe.
– Det blir krevjande, men me er klare. Likevel tenkjer eg det må vere lov å synest at det er trist, seier Kyle O’Donoghue (46), som har vore på Mogen sidan 2015.
So long Lågaros
Som fylgje av regjeringa sin tiltaksplan skal DNT blant anna stengje Lågaros turisthytte, og leggje ned tilhøyrande stigsystem. Hytta som blei opna i 1960 er denne sommaren ubetent, og frå neste sommar heilt stengd. DNT melder på sine heimesider at endringane på Hardangervidda er permanente.
– Det er sjølvsagt eit tap for ålmenta sin tilgang til vidda, for det er ein fantastisk fin tur med ei lang historie, seier O’Donoghue.
Han er spent på kva stenginga vil føre med seg. Kanskje vil det stogge ferdsla innover slik det er tenkt, eller kanskje kjem det nye problemstillingar. Sjølv om DNT endrar marknadsføringa og opplyser om omsyn til villreinen, kjem ein ikkje unna at folk kan gå der dei vil.
– Ei frykt er jo at folk i større grad vil sjå seg om etter fine teltstader i same område, og at me ikkje har nokon kontroll over kvar dei er. Mange vil nok halde fram med å gå mellom Mogen og Rauhelleren sjølv om DNT ikkje lenger driftar stigen, seier O’Donoghue.
Mogen, mat og mogelegheiter
Mogen turisthytte blei oppført i nordenden av Møsvatn i 1892 på grunn av den gode plasseringa som start- og sluttpunkt for turar på Hardangervidda. Hytta har namnet etter garden og paret Gro og Kristoffer Mogen, som dreiv fram til 1908. No skal den tradisjonelle turisthytta satse på «baseturisme», med mål om å redusere ferdsla vidare innover vidda.
Ifølge O’Donoghue har denne omstillinga alt gått føre seg i mange år, med restaurering og forbetring av Mogen og utvikling av dagsturar rundt. Sjølv om mindre hytte til hytteturisme kan gjere at dei mistar nokon gjester, har han tru på at ein kan treffe ei anna målgruppe med andre tilbod.
– Me får prøve å sjå mogelegheiter framfor restriksjonar. Eg har tru på at me har mykje å tilby som ikkje er hytte til hytte, seier han og trekker fram fokuset på god lokal mat og god service.
– Me ynskjer sjølvsagt at folk skal snakke varmt om opplevinga dei har hatt her, for det er den beste marknadsføringa. Mogen er som andre avhengige av nok gjester for økonomisk berekraft, det same gjeld Fjellvåken-båten, seier han.
Ei av satsingane dei har er «høgfjellscruise», som er skyss med Fjellvåken over Møsvatn og lunsj på Mogen, med tid til ein eller fleire korte turar før båten går tilbake.
Monsen på villspor?
O’Donoghue seier det er lett å skjøne kvifor ein peikar på den store og velkjende DNT, når det er snakk om turisme i naturen. Under Naturkonferansen i Oslo 10. juni gjekk blant anna den folkekjære friluftsmannen Lars Monsen hardt ut mot organisasjonen.
– Det er sjølvsagt litt ironisk når karrieren hans baserer seg på filmproduksjon i urørt natur. Det er ikkje mange år sidan han hadde med seg hundrevis på folkevandring over Hardangervidda, som blei sendt minutt for minutt på NRK. Monsen har inspirert ein heil generasjon til å oppsøke naturen, og det er jo ein god ting, seier O’Donoghue.
Likevel meiner han at Monsen har eit poeng i at ein må tore å diskutere allemannsretten – og allemannspliktene som følgjer med. Alt kan kanskje ikkje vere som før.
– Me må halde ord og fokusere på å gjennomføre tiltaka som gjeld oss. Eg er ikkje så oppteken av andre i DNT, og kan berre ta ansvar for det eg sjølv kan gjere noko med, seier O’Donoghue.
Kritikken treff nokre gonger rett, men andre gonger feil. O’Donoghue fortel at han til dømes har blitt beden om å svare for turisme innover Falkeriset, som er eit av kjerneområda for villreinen, men DNT har ikkje noko med stigane på den sida av Møsvatn å gjere.
Monsen peikte også på beitenæring i høgfjellet som noko ein bør diskutere for å verne om naturen.
95 prosent norske gjester
I tillegg til å vere dagleg leiar på Mogen er O’Donoghue fagansvarleg for dei to andre betente hyttene i DNT Telemark; Gaustatoppen og Kalhovd. På eit møte i kommunestyret i Vinje i fjor blei det mellom anna sagt at trykket frå utanlandske turistar på Hardangervidda kan «eksplodere medan me sit her». Dette scenariet kjenner ikkje O’Donoghue seg att i, for Kalhold og Mogen har i dag høvesvis 95 prosent og 96 prosent besøk av nordmenn.
– Berre 5 prosent av gjestene er altså frå utlandet, om du heller vil seie det slik. Korleis det ligg an i resten av landet veit eg ikkje, men ideen om at hyttene er fulle av tyskarar og nederlendarar stemmer iallfall ikkje her, seier O’Donoghue og smiler skeivt.
Han opplever trafikken som stabil gjennom dei tolv åra han har vore dagleg leiar. Mesteparten av besøket kjem frå Telemark og resten av Austlandet.
Må ikkje vere naive
Ein kan likevel ikkje sjå bort frå at det er store interesser i villmarksturisme, og O’Donoghue utelukkar ikkje at det kan bli eit problem.
– Me må ikkje vere naive, sjølvsagt er det noko ein skal følge med på. DNT er fyrst og fremst ein medlemsorganisjon, der overskotet går til drift og utvikling. Den dagen utanlandske turistar kjem i vegen for våre medlem har me eit problem, seier O’Donoghue.
Han seier vidare at DNT Telemark ikkje deltek på internasjonale messer eller har samarbeid med kommersielle reiseselskap. Alle må bestille og betale på lik line.
– Etter mi meining lev DNT på rykte, som me må ta vare på, seier O’Donoghue.
Gjeldfri på Gjuvsjåen
Er ein viljug til å betale finst det mange mogelegheiter for ein tilrettelagt tur på Hardangervidda, anten det er privat, via medlemsorganisasjonar som DNT, eller kommersielle reiseselskap.
Taxibåt, helikoptertransport, hytter, ferdig sett opp teltcamp, guida turar, og ikkje minst god mat og drikke. Til felles for mange av heimesidene VTB har sjekka ut er spektakulære bilete av villrein, og samstundes ei oppmoding om å ikkje oppsøke dei.
Å peike på paradoksar er viktig, men det er ikkje det same som å gjere det rette.
Sjølv om DNT ikkje driv kommersielt kostar det med opphald der. Ei overnatting med mat på Mogen kostar no 1235 kroner. Tur-retur med Fjellvåken blir i tillegg 670 kroner. Sjølv om Mogen skil seg ut med å kunne bruke snøskuter om vinteren og båten om sommaren, er mange av hyttene deira avhengige av forsyningar med helikoptertransport.
Skal dei som traskar med eigen mat og telt få forbod, medan andre kan betale for eksklusiv jakt og tilrettelagt tur? Kyle O’Donoghue meiner ein må tenkje nøye gjennom kva retning ulike tiltak fører i, og kven det rammar.
– Me må passe oss for eit hierarki der me set nokon sin rett til naturopplevingar høgare enn andre, seier han alvorleg.
Peiking og paradoks
Grunneigarar i generasjonar, byråkratiske organisasjonar, jakt og tradisjonar. Kva slags kunnskap skal setjast høgast, og kven har retten på si side? Etter litt fri diskusjon blir det stille ei stund før O’Donoghue seier:
– Å peike på paradoks er viktig, men det er ikkje det same som å gjere det rette. Litt som at forureininga til Kina ikkje er eit godt argument mot klimatiltak i Noreg. Me må gjere vår del framfor å peike på andre.
Han skryt av gode folkemøte knytt til tiltaksplanen, og etterlyser meir open diskusjon.
– Alle kjenner seg råka, og er råka. Eg opplever likevel at me er på same lag. Me må snakke saman og samarbeide på tvers, seier O’Donoghue.
Han håpar òg på fleire uformelle møte mellom folk frå ulike sider av saka, og trur at personlege venskap trass i ulike syn er med på å heve terskelen for konflikt. Det er stor forskjell mellom å snakke om «dei andre» og å snakke med kvarandre.
– Eg er til dømes heilt avhengig av godt samarbeid med grunneigarar, som også har ulike syn seg imellom. Dei beste erfaringane kjem av å treffast ansikt til ansikt og dele interesser og planar før misforståinga har skjedd, seier han.
Les meir frå same turen til Mogen:
Les meir om tiltaksplanen: